Ordførar og varaordførar

Ordførar og varaordførar i Årdal kommune vart valt av kommunestyret 17. oktober 2019. Verva er for 4 år.

Ordførar i Årdal kommune

Hilmar Høl frå Arbeiderpartiet er ordførar i Årdal kommune. Han er ordførar på heiltid. Hanne Stedje      

Ordføraren leiar møta i kommunestyret og formannskapet. Han har møte- og talerett i alle kommunale organ, men har berre stemme- og forslagsrett som vald medlem. Ordføraren er kommunen sin rettslege representant, kommunen sin fremste folkevalde representant og kommunen sitt ansikt utad.

Hilmar Høl er født 6. mars 1969. Han har lang fartstid i kommune- og fylkespolitikken, vore gruppeleiar i Årdal AP, er medlem av sentralstyret til Arbeiderpartiet og vararepresentant nr.1 for Sogn og Fjordane til stortingent i perioden 2017-2021. Hilmar har bakgrunn som industriarbeidar og tillitsvald frå Hydro.

Ordføraren ynskjer nær kontakt med innbyggjarane, både privatpersonar, firma, lag og organisasjonar. Han tek vel imot dei som kan tenkja seg å ta ein tur innom. De kan og ta kontakt på telefon eller på e-post.

 

 


 

Varaordførar i Årdal kommune Hanne Stedje   

Anne Kauppi frå Arbeiderpartiet er varaordførar i Årdal kommune.
Varaordføraren si oppgåve er vere til hjelp for ordføraren. Dersom ordføraren mellombels trer ut av sitt verv, rykker varaordførar opp som ordførar. Ordføraren kan be varaordføraren utføre opprdag på sine vegne.

Anne Kauppi er født 4. november 1965. Ho har vore aktiv i kommunestyret i mange år og er inne i sin første periode som varaordførar. Anne er dagleg leiar i Sogn opplæringskontor. 
 

Har du spørsmål?

Hilmar Høl
Ordførar
E-post
Mobil 902 01 564
Til toppen