Kontrollutval

Kontrollutvalet skal på vegne av kommunestyret føre løpande kontroll med kommunen si verksemd. Det er for at innbyggarar og andre skal ha tillit til at kommunen leverer effektive tenester i samsvar med lover, forskrifter, statlege føringar og kommunestyrevedtak.

Norges Kommunerevisorforbund og KS, kommunesektoren sin organisasjon, har laga ein brosjyre om kontrollutval.

I brosjyren peikar dei på at kontrollutvalet spelar ei viktig rolle ved å vere kommunestyret si "vaktbikkje". "Men også gjennom å sørge for å sette etikk, samfunnsansvar og arbeid mot korrupsjon på dagsorden. Arbeidet i kontrollutvalet skal vere førebyggande og vere til hjelp for å sikre gode, etiske haldningar og handlingar både blant kommunen sine folkevalde og dei tilsette.

Kontrollutvalet har fem medlemmar. Medlemmar og varamedlemmar av kontrollutvalet kan ikkje ha andre folkevalde verv enn det å vere kommunestyremedlem. Personar som har leiande stillingar i kommunale føretak og selskap kan heller ikkje veljast. Det same gjeld for tilsette i kommunen.

Leiar i kontrollutvalet er Knut Arne Klingenberg, Høgre. Han er medlem i kommunestyret.

Kontrollutval 2019 - 2023:

Medlemer:
1. Knut Arne Klingenberg, leiar, H
2. Odd Semstrøm, AP
3. Anita Laberg Øvstetun, AP
4. Erling Offerdal, SP
5. Lisa Horpen, SP

vara for Høgre og Senterpartiet:
1. Jostein Holsæter, SP
2. Vidar Lerum, SP
3. Bjørn Havro, SP

vara for Arbeiderpartiet:
1. Malvin Stenehjem, AP
2. Rune Blikken, AP

PWC har sekreteriatsfunksjon for kontrollutvalet. Det er sekretariatet som er ansvarleg for innkalling og utsending av saksdokument.

Møtedatoar og møtedokument finn du over overskrifta på denne sida.

Til toppen