Kommunestyre og formannskap

Kommunestyret

Medlemer, møteplan og møtedokument for kommunestyret.

Kommunestyret skal i hovudsak konsentrere seg om dei prinisppielt viktige og strategiske oppgåvene, og utforme kommunen sine målsettingar. Avgjersler med behov for brei politisk handsaming, saker som gjeld vedtak av kommunale forskrifter, folkevald organisering, kommuneplan, kommunedelplanar, budsjett, økonomiplan, og saker som til ei kvar tid etter kommunelov, særlover og delegeringsreglementet skal ligge til kommunestyret.

Kommunestyret har ansvar for tilsyn med den kommunale forvaltninga. Dei kan krevje alle saker lagt fram for seg til orientering eller avgjersle. 

Tal medlemer i kommunestyret i Årdal er 21.

Formannskapet

Medlemer, møteplan og møtedokument for formannskapet.

Formannskapet er det nest øvste kommunale organet. Det treff vedtak på vegne av kommunen i dei tilfelle mynde er lagt til kommunen og det i lov eller delegeringsvedtak i kommunestyret ikkje er lagt til anna organ. Formannskapet sine oppgåver er heimla i kommunelova §5-6. 

Formannskapet har tilrådingsrett i alle saker som skal leggast fram for kommunestyret med unntak for saker som kjem frå kontrollutvalet eller i saker der kommunestyret har delegert dette til anna utval.

Formannskapet har mynde til å treffe vedtak i saker som skulle ha vore avgjort av anna organ, når det er nødvendig at vedtak blir fatta så raskt at det ikkje er tid til å innkalle rett (kompetent) organ, jf. kommunelova § 11-8. 

Formannskapet skal ha eit særleg fokus på forhold og saker som krev samordna politisk handsaming i kommunen.

Tal medlemmar i formannskapet i Årdal er 7.

Har du spørsmål?

Hilmar Høl
Ordførar
E-post
Mobil 902 01 564
Til toppen