Detaljreguleringsplan Miljøstasjon Årdal - offentleg ettersyn

Planframlegg for Detaljreguleringsplan Miljøstasjon Årdal vert lagt ut til offentleg ettersyn. Alle som ynskjer kan kome med merknader innan 20. desember 2024. Etter at fristen er utløpt, vil kommunen gå gjennom merknadene og behandle planen for endeleg vedtak i kommunestyret.

I samsvar med § 12-10 i plan- og bygningslova vedtok formannskapet i møte 24. oktober 2024, i sak 145/24, å legge framlegg til Detaljreguleringsplan Miljøstasjon Årdal ut til offentleg ettersyn. Planen femnar om eigedommen gnr 6, bnr 404, samt tilgrensande fylkesveg med sideareal. 

Formålet med planarbeidet er å legge til rette for etablering av miljøstasjon. Planområdet femner om eit areal på 18 dekar som er lokalisert søraust på Årdalstangen, mellom anlegget til Hydro og fylkesveg 53 utanfor Finnsåstunnelen. 

Det vart varsla om oppstart av planarbeidet i brev og på nettsida til Årdal kommune den 13.06.2024, samt i kunngjering i Sogn Avis den 18.06.2024. Den 27.08.2024 vart det varsla om utviding av planområdet. Skjema med gjennomgang av innkomne innspel til varsel om oppstart/utviding finn ein på s. 30-33 i planomtalen, vedlagt nedanfor.

Hvis du ønskjer å sjå planframlegget fysisk, ligg det tilgjengeleg på rådhuset på Årdalstangen og biblioteket i Øvre Årdal. Dersom du har merknader til planen må det sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdal, eller e-post postmottak@ardal.kommune.no

Frist for merknader er sett til 20. desember 2024.

 

Planframlegg med vedlegg ligg her:

52308612_Plankart (PDF, 827 kB)

52308612_Planomtale (PDF, 3 MB)

52308612_Føresegner (PDF, 373 kB)

52308612_ROS-analyse_Miljøstasjon Årdal (PDF, 2 MB)

Vedlegg B - Plan- og profilteikning (PDF, 3 MB)

Vedlegg D - KU-vurdering for detaljreguleringsplan - SIMAS miljøstasjon på Årdalstangen (PDF, 226 kB)

Vedlegg C - Illustrasjonsplan (PDF, 4 MB)

Vedlegg E - Årdal kommune - vurdering av alternativ for plassering av miljøstasjon (PDF, 971 kB)

Geoteknisk vurdering (PDF, 17 MB)

52308612-RIG-N01-Områdestabilitet (PDF, 803 kB)