Om eigedomsskatt

Kva er eigedomsskatt

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som den enkelte kommune kan skrive ut med heimel i lov om eigedomsskatt til kommunane. Det er ein skatt på eigedomen, uavhengig av kven som eig denne. Kvar enkelt kommune avgjer sjølv om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen. Kommunestyret har vedteke å skrive ut eigedomsskatt på all fast eigedom i heile kommunen, jamfør eigedomsskattelova § 3 a). Kommunen har valgt å verdsetja alle eigedomar ved takst, som grunnlag for fastsetjing av skatten. Det skal være ei allmenn taksering i kommunen kvart tiande år, siste ti-års taksering for Årdal kommune er gjeldande frå 2022.

Kommunen gjennomfører løpande taksering av nye eigedommar og endringar på eigedommar. 

Kor mykje må eg betale i eigedomsskatt

Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar Årdal kommune ei allmenn taksering frå 2021 og tidlegare vedtekne skattevedtekter. Skattesatsen i Årdal kommune er 7 promille av skattetakstgrunnlaget. Gjeldande frå 2022 er skattesatsen for bustader og fritidseigedomar 4 promille av skattetaksgrunnlaget. Eigendomsskatten vert sett med grunnlag i tal kvadrat meter fordelt på hovedplan, 2. og 3. etasje, loft, kjellar, garasje og soneinndeling (sentrum og bustadområde dalane) for kvar eigedom. Ta kontakt med kommunen for eventuell utskrift av takstgrunnlag for din eigedom. Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar med forfall 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november. Eigedomsskatten vert fakturert saman med kommunale avgifter. 

Fritak for eigedomsskatt

Eigedomar kan få fritak for eigedomsskatt heilt eller delvis viss dei fell inn under bestemmelsane i eigedomsskatteloven §5 eller §7:

  • Eigedom eigd av stiftingar, lag eller foreningar og som vert nytta til almennyttig formål.
  • Bygningar som har historisk verdi, bygget må være verna eller freda av offentleg myndigheit.

Fritak for eigedomsskatt for skatteåret vert annonsert og objekteigarane må søka om fritak for det enkelte skatteår.

Klage på eigedomsskatt

Du kan klage på eigedomsskatten etter eigedomsskattelova §19, første ledd.
Klagen må sendast inn skriftleg til Årdal kommune ved Eigedomskattetakstnemda innan seks veker frå den dagen eigedomsskattelista vert utlagd, eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med §14 (utskriving av eigedomsskatten). Klage over verdien kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år.

Har du spørsmål?

Wenche Irene Sjåstad
Konsulent økonomi
E-post
Telefon 90 29 78 82
Mobil 90 29 78 82