10 års taksering

Eigedomsskatt, skatteutrekning og taksering

I Noreg har kommunane skrive ut eigedomsskatt i over hundre år. Eigedomsskatten er den eineste skatten som kommunen sjølv disponerar, og alle inntektene går dermed til kommunen. Eigedomsskatten vert nytta til finansiering av kommunale tjenester. Skatten vert krevd inn saman med kommunale avgifter.

For fastsetting av eiendomsskattetakst på eiendom gjeld følgjande hovudprinsipp, i høve eiendomsskatteloven § 8 A-2 (1) for fastsetting av takst på eiendommer:

“Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.” (dette vert ofte kalla for omsetningsverdi).

Takseringsmetode

Årdal kommune nyttar prinsippa frå ein takseringsmetode som er utvikla og nytta av fleire kommunar. Taksten byggjer på følgjande for å finne normal marknadspris per kvadratmeter for den enkelte eigedomstype:

  • Fakta om eigedomen
  • Vurdering av eigedomen (tidllegare omsetning, prisstatistikk, databasar, og lokalkunnskap)

Alle faste eigedomar i kommunen skal takserast.

Kommune gjennomførte 10 års taksering i 2022 og driv løpande taksering av nye eigedommar og endra eigedommar fram til neste 10 års taksering i 2032.

Eiendomsskattetaksten er basert på:

Faktainformasjon om eiendommen, som er henta fra matrikkelen (offentlig register). Dette er informasjon som adresse, bygningsinfo, tomtestørrelse, bygningstype, etasjetype og bruksareal.

Vurderinga av eigedomen baserar seg på rammer og retningslinjer for taksering av eigedomsskatt som du finn her (PDF, 238 kB), synfaringa og skjønnsmessige vurderinger. Eventuelle spesielle forhold vil bli fanga opp ved synfaring av eigedomen. Resultatet av takseringen er eit nytt grunnlag for innkreving av eigedomsskatt.

Eigedomane skal vurderast gjennom vedteke «Rammer og retningslinjer for taksering av eigedom» (PDF, 238 kB) (vedtak i eigedomsskattatakstnemnd) og ved synfaring.

Kommunestyret vedtek årleg i samband med budsjettprosessen skattepromille og eventuelt botnfradrag. Den generelle skattesatsen er 7,0 ‰, med unntak av bustad- og fritidseigedomar der skattesatsen er satt til 4,0 ‰.  

Synfaring

Gjennom synfaring utført av synfaringsmenn, takstmenn, skal eigedomsskattetakstnemnda vurdere om det er tilhøve på eigedomen som medfører korreksjon av taksten.

Vurderingar ved synfaring skal følgje dei rammer og retningsliner som nemnda har trekt opp. Vurderingar av eigedomar er vanskeleg. Ein legg derfor tre hovudkriterium til grunn for vurderinga under synfaringa:

  • Prinsipiell (lik handsaming): Vedtak gjort av sakkunnig nemnd fastset dei prinsippa som ein må følgje i einskildsaker.
  • Akseptera grove skjønnsvurderingar: Synfaring vil i det vesentlege vere ei utvendig synfaring som gjev grovkorna vurderingar.
  • Vera varsam: Utvendig synfaring gjev eit grovt avgjerdsgrunnlag som kan gje uvisse. Tvil bør koma eigaren til gode.


Normalt vil dette være ein utvendig synfaring av eigedomen. Det vil bli vurdert forhold på eller rundt eiendommen som kan virke inn på taksten, og ein vil ta bilde av alle bygninger på eiendommen som skal takserast. Synfaringa er ikkje avhengig av at du er tilstades under arbeidet. Eventuell oppmåling av manglende bygningsareal vil skje utvendig.

Dersom det er konkrete forhold du ønskjer skal bli vurdert i forbindelse med synfaring, kan du sende skriftlig informasjon om dette (kontaktinfo neders på sida). Denne informasjonen vert då ein del av faktagrunnlaget for takseringa.

Kvalitetssikring

Etter synfaring og vedtak i sakkunnig nemd vil du få tilsendt faktaark om eigedomen der ny eigedomstakst vil framgå. Heimelshavar kan på denne måten melde inn eventuelle feil i faktagrunnlaget til kommunen. Utsending av faktainformasjon vil skje når grunnlaget blir lagt ut til offentlig ettersyn.

Kontakt for informasjon

Er det noko du lurer på ta kontakt med kommunen slik at me kan bistå. 

Har du spørsmål kring takseringsprosess, om korleis eigedomsskattetaksten din er rekna ut, kan du kontakte Eigedomsskattekontoret, informasjon under.

Husk å oppgi:
Navn på eigendomen (gardsnummer, bruksnummer,  eventuelt seksjonsnummer/festenummer), adresse og eller navn på heimelshavar eller eigar, samt opplysningar om korleis me kjem i kontakt med deg. F.eks: e-post adresse og mobil tlf. nr.

Har du spørsmål?

Årdal Eigedomsskattekontor
E-post
Telefon 57 66 50 00

Husk å oppgi:

Navn på eigendomen (gnr/bnr/fnr), adresse og/eller navn på heimelshavar/eigar, samt opplysningar om korleis me kjem i kontakt med deg. F.eks:  e-post adr og mob.tlf nr