Omsetningsoppgåve og løyvegebyr

Alle som har sals- eller skjenkeløyve må kvart år betale eit løyvegebyr til kommunen. Storleiken på gebyret er avhengig av kor mykje alkohol som blir seld. Opplysningar om alkoholsalet skal rapporterast til kommunen innan 1. april kvart år for det føregåande året.

Kva kostar eit løyve?

Løyvegebyret blir fastsett for eitt år av gangen for kvart enkelt løyve, med grunnlag i forventa omsett mengde alkoholhaldig drikk. Dersom det er avvik mellom tidlegare oppgitt forventa omsetning og faktisk omsetning, kan kommunen gjere ei etterberekning og eit etteroppgjer.

Satsane for løyvegebyret finn du i alkoholforskrifta.

Frist for innsending av omsetningsoppgåva er 1. april.

Send inn omsetningsoppgåve for skjenke- og salsbevilling elektronisk.

Har du fleire løyve så må du sende inn ei omsetningsoppgåve for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. 

Manglande omsetningsoppgåve

Om du ikkje leverer omsetningsoppgåve innan kommunen sin frist, vil det føre til sanksjon i form av to prikkar, jamfør alkoholforskrifta § 10-3