Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Utlån av fritidsutstyr

Årdal bibliotek har noko fritidsutstyr til utlån. Vi har ski, skisko, sekkar, soveposar og liggeunderlag. I tillegg låner vi ut Årdal turlag sine turhengekøyer. Turhengekøyene er til utlån til ungdom.

Årdal kommune har fått pengar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane til utstyr. Førebels har vi kjøpt inn fleire skisko, ski og stavar, men det vil kome andre ting etterkvart, så følg med her. Vi er mellom anna i ferd med å kjøpe inn pulk, bæremeis, telt, fleire tursekkar, kokeapparat og fiskestenger.

Oversikt over utstyret:

 om du nyttar PC om du nyttar Mobil

Utstyret må hentast og leverast i biblioteket si opningstid.

Lånetid er ei veke.

 

Utstyrsbank – reglar


 
Utstyret må hentast og leverast i biblioteket si opningstid

Utstyret skal ikkje setjast att utanfor biblioteket dersom biblioteket ikkje er ope

Utstyret skal leverast attende i same stand som ved utlån

Utstyret skal vere tørka og reingjort

Utstyret skal pakkast ned på rett måte

Meld frå om utstyret vert skada

All merking, emballasje, stroppar og anna skal leverast attende

Utstyret skal brukast i tråd med gjeldande regelverk, og brukaren er ansvarleg for at utstyret vert nytta på ein sikker måte

Har du spørsmål?

Årdal Bibliotek
E-post
Telefon 469 15 647
Til toppen