Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Ungdomsklubbar i Årdal

Kjedlar'n, Kantina, Tysdagsklubben

Motto:

Ein stad å lære
Å ha noko å gjere
Ein stad å vere

Fritidstilbod:

Det er ein ungdomsklubb i Øvre Årdal og ein på Årdalstangen.

Ungdomsklubben i Øvre Årdal heiter Kjedlar`n og er lokalisert i kjedlaren på kulturhuset. Det er inngang frå Farnesvegen (på nedsida av kulturhuset).

Klikk for stort bilete

Ungdomsklubben på Årdalstangen heiter Kantina og er lokalisert i kantina på rådhuset. Same inngang som kinoen.

Klikk for stort bileteUngdomsklubbane har bordtennis og biljard. Det er også eigen kjøkenavdeling der me kan lage mat på opne kveldar.

Opningstider:

Kjedlar'n
Dag Tidspunkt
Kvar onsdag 18:00 - 21:00
Siste fredag i månaden 19:00 - 22:00

 

Kantina
Dag Tidspunkt
Kvar torsdag 18:00 - 21:00

Medlemskort for klubbåret kostar kr 100,-, du har da gratis inngang.
Er du ikkje medlem, koster det kr. 10,-, kvar gong.


Det vert utarbeidd eigen aktivitetsplan med ulike aktivitetar.

I Kjedlar’n kan du spele ulike spel på pc.
Det er gratis å låne pc i klubben, samt alle andre aktivitetar.

Tysdagsklubben
I tillegg til den vanlege klubbdrifta har klubbleiaren ansvar for Tysdagsklubben, lokalisert i kjedlaren i kulturhuset, (inngang frå Farnesvegen, på nedsida av kulturhuset) og er eit tilbod til ungdom og vaksne med psykisk utviklingshemming, Tysdagsklubben har medlemmer både frå Årdal, Lærdal og Aurland. 

Tysdagsklubben - Opningstider
Dag Tid
Kvar tysdag 18:00 - 20:00

Medlemskort kostar kr. 100,-.
Inngang: kr 10 kvar gong

Vi følgjer skuleruta når det gjeld opningstider.

Har du spørsmål?

Stine Moen Bakken
Leiar kultur, idrett og fritid
E-post
Telefon 473 28 147
Til toppen