Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Har du framlegg til nye anlegg inn i kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv?

Me er på jakt etter deg som har innspel frå lag og organisasjonar som er aktuelle i samband med bygging og rehabilitering av anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Anlegg kan og vere turstiar/-løyper (inkl. merking) og kart.

Å legge til rette for at folk kan drive både organisert og eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø gir både livskvalitet og god folkehelse. For å vere med å finansiere slike anlegg kan det søkjast om spelemidlar.

Det kan søkast om spelemidlar til:

  • Ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner.
  • Nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner.
  • Rehabilitering av eldre anlegg.
  • Tur kart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner.

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg.
Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50 % av godkjent kostnad.

Kven kan søke?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer. Søkarar kan vere: Idrettslag/organisasjonsledd i Norges Idrettsforbund. Samanslutningar under Norges Jeger og Fiskeforbund, Den Norske Turistforening, Norges Bilsportforbund eller Det Frivillige Skyttervesen.

NB! Aksjeselskap, stiftingar og samvirkeforetak må søkje departementet om førehandsgodkjenning av vedtektene sine for å kunne søkje om spelemidlar.

Desse samanslutningane kan søkje om tilskot til særlege anlegg:

  • Organisert under Friluftsrådenes Landsforbund og Norsk Friluftsliv kan søkje om tilskot til friluftslivsanlegg.
  • Organisert under Norsk Kennel Klubb kan søkje om tilskot til anlegg for hundesport.

Har du spørsmål?

Frank Runar Øren
Oppsynsmann FDV
E-post
Telefon 917 47 875
Stine Moen Bakken
Leiar kultur, idrett og fritid
E-post
Telefon 473 28 147
Til toppen