Viktig informasjon om koronaviruset

Brukarstyrt personleg assistane

Brukarstyrt personleg assistanse er ei alternativ måte å organisere tenestene praktisk bistand og personleg bistand på for personar med nedsett funksjonsevne som har stor trong for hjelp i det daglege, både i og utanfor heimen. 

Kven kan få tenesta?

Dersom du er under 67 år og har trong for personleg assistanse i form av praktisk bistand, opplæring eller støttekontakt i meir enn 2 år, kan du ha rett til å få tenesta organisert som brukarstyrt personleg assistanse. Det er ein føresetnad at du har stor trong for hjelp i det daglege, det vil seie at du har minimum 35 timar i veka tildelt i vedtak.

Om tenesta:

Brukarstyrt personleg assistanse inneberer at brukaren har rolla som arbeidsleiar og tek på seg ansvar for organisering og innhald ut frå eigne behov. Innan dei timane som kommunen har utmålt i vedtak, kan brukaren styre kva assistentane skal gjere og til kva tider assistansen skal ytast. 

Når tenesta vert organisert som BPA er det brukaren sjølv, eventuelt med bistand, som organiserer og leiar arbeidet med assistentane. Å vere arbeidsleiar inneberer å ha det daglege leiaransvaret for assistentane. For å kunne ta rolla som arbeidsleiar sjølv er det ein føresetnad at du kan ivareta denne rolla på ein forsvarleg måte. 

Du kan lese meir om brukarstyrt personleg assistanse her.

Me handsamar alle søknader konfidensielt. Tildelingskontoret vil ta kontakt med deg etter framsett søknad. 

Søk brukarstyrt personleg assistanse

Lovverk:

Brukarstyrt personleg assistanse vert tildelt etter helse og omsorgstenestelova.

Til toppen