Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Frisklivssentral

Årdal Frisklivssentral kan hjelpe og støtte deg som ynskjer å endre levevanar og førebygge sjukdom og skade

Kva tilbyr me?

  • Individuell rettleiing, samtale og gruppetilbod innan fysisk aktivitet, kosthald og røykeslutt.
  • Ein frisklivsresept som varar i 6 månader. Da kan du delta på aktivitetstilbod i regi av frisklivssentralen.
  • Oppstart med samtale og hjelp til å sette konkrete mål, finne fram til aktivitetar og tilbod som passer for deg, og gje deg støtte til å gjennomføre det du har planlagt.
  • Aktivitetstilbod som styrketrening, bassengtrening og spinning.
  • BraMat-kurs, røykjesluttkurs og andre aktuelle kurs blir planlagt og gjennomført etter behov. 

Kven kan få tilbodet?

  • Du som er i yrkesaktiv alder som har auka risiko for sjukdom og som treng støtte til å endre levevaner og meistre helseutfordringar.
  •  Du som kan ha helsemessig nytte av auka fysisk aktivitet, endra kosthald og/eller røykeslutt.

Me vil motivere og hjelpe deg på vegen mot betre fysisk form, auka sjølvopplevd helse og betre livskvalitet. 

Korleis få tilbodet?

Du kan sjølv ta kontakt på telefon eller e-post.

Lege, anna helsepersonell eller NAV kan tilvise deltakarar

Kva kostar det?

  • Det er ingen eigenandel ved deltaking hjå Frisklivssentralen i reseptperioden.
  • Det kan bli eigenandel når du deltek på aktivitetstilbod lenger enn reseptperioden.

Kva skjer vidare?

Når ditt behov er registrert, vil Frisklivssentralen ta kontakt og gjere ein nærare avtale med deg.

Lenker til meir informasjon

Informasjon om Frisklivsentral frå Helsenorge

Hjelp til snus -og røykeslutt

Årdal Frisklivssentral facebooksiden

Timeplan for trening (PDF, 432 kB) 
 

Har du spørsmål?

Frisklivssentralen
Frisklivsentralen
E-post
Telefon 902 16 589
Til toppen