Arealoverføring

Arealoverføring (endring av eksisterande matrikkeleining) opnar for å overføre større areal mellom to eigedomar (matrikkeleiningar) enn det som er råd i form av grensejustering.

Ved søknad om endring av eksisterande eigedom (arealoverføring) vil det bli gjort eit vedtak med heimel i plan- og bygningslova.  

Dersom du samtidig ønsker gjennomført oppmålingsforretning på grunnlag av vedtaket, må du sende inn krav om matrikulering, herunder rekvisisjon om oppmålingsforretning.

Dersom du samtidig ønskjer å få gjennomført oppmålingsforretning på grunnlag av vedtaket, må du sende inn krav om matrikulering,  rekvisisjon om oppmålingsforretning. 

Kven kan søkje? 

Arealoverføring (endring av eksisterande matrikkeleining) kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere søknad om deling og oppmålingsforretning, jf. matrikkellova § 9 

Kva skal søknaden innehalda? 

Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett

Situasjonskart – målsett aktuelt areal på situasjonskartet så nøyaktig som mulig. Tilkomst til tomta og vatn- og avløpsledningaer må teiknast inn. 

Tiltaket må nabovarslast. Opplysningar gitt i nabovarsel og kvittering for nabovarsel må sendast inn. 

Vilkår 

Sjå rettleiing for arealoverføring. 

Saksgang 

Før søknad blir sendt til kommunen, må tiltaket nabovarslast (naboliste). Eventuelle merknader skal vere mottatt av ansvarleg søkar/tiltakshavar innan 2 veker etter at nabovarselet er sendt partane det vedkjem. Søknaden som blir sendt til kommunen skal også innehalde eventuelle innkomne merknader og ansvarleg søkar/tiltakshavar si utgreiing til merknaden(ane) og eventuelle endringar som er gjort. Sjå og dibk.no 

Når søknaden er registrert i kommunen, blir det gjennomført ein enkel dokumentkontroll. Er det manglar i søknaden, orienterar vi om dette. Er det behov for behandling/uttalar frå andre offentlege instansar, sørgjer kommunen for innhenting av desse.  
Vedtaket blir gjort med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkjaren med kopi til eventuelle parter som har hatt merknader til søknaden.

Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også bli behandla av landbruksstyresmaktene i samsvar med Jordlova § 12. Dette blir gjort etter at bygningsstyresmaktene har fatta vedtak. 

Gebyr 

1.4 Arealoverføring

1.4 Arealoverføring
1.4 Arealoverføring Prisar
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløysar dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.
1.4.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige Pris
a Areal frå 0 - 250 m² 16500
b Areal frå 251 - 500 m² 19900,-
c Arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m² medfører ei auke av gebyret på 2050,-
1.4.2 For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ein matrikkeleining til ein annan, - ikkje vera registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ein matrikkeleining viss vilkåra for samanføyning er tilstades. Matrikkeleininga skal utgjera eit samanhengande volum.
a areal frå 0 - 250 m3 10800,-
b areal frå 251 - 1000 m3 13900,-
c arealoverføring pr. nytt påbegynt 500 m3 medfører ei auke av gebyret på 2050,-

Skjema 

rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 179 kB)

Erklæring om arealoverføring 

Nabovarsel 

Opplysningar gitt i nabovarsel 

Kvittering for nabovarsel

Lover 

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Plan- og bygningslova 

Jordlova

Til toppen