Kor mykje må eg betale i eigedomsskattLytt til tekstenStopp avspillingVed taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar Årdal kommune ei allmenn taksering frå 2012 og tidlegare vedtekne skattevedtekter. Skattesatsen i Årdal kommune er 7 promille av skattetakstgrunnlaget. Gjeldande frå 2021 er skattesatsen for bustader og fritidseigedomar 4 promille av skattetaksgrunnlaget. Eigendomsskatten vert sett med grunnlag i tal m2 fordelt på hovedplan, 2. og 3. etasje,loft/kjellar, garasje og soneinndeling (sentrum / bustadområde dalane) for kvar eigedom. Ta kontakt med kommunen for eventuell utskrift av takstgrunnlag for din eigedom. Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar med forfall 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november. Eigedomsskatten vert fakturert saman med kommunale avgifter.