Slik sender du byggesøknad

Om du må søke, kan søke sjølv eller treng ein ansvarleg søkar for din byggesøknad, kjem an på kva du skal bygge, rive eller endre.

Sjekk først om du må sende byggesøknad

På Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine nettsider kan du enkelt sjekke om du treng å søke:

Slik søker du

  1. Før du startar eit byggearbeid må du sjekke kva planar og reglar som gjeld for eigedomen din
    Ta kontakt med kommunen dersom du er i tvil om du har lov til å bygge.
    Planar og reglar for din eigedom finn du via kommunekart
     
  2. Skriv ut situasjonskart og teikn inn det du skal bygge
    Eit situasjonskart er eit kartutsnitt av eigedomen. Når du søker om eit tiltak, treng du eit situasjonskart for å teikne inn kva du skal bygge. Sett inn avstand til eigedomsgrense og nærliggjande bygg.
     
  3. Bestill naboliste
    Skal du gjere noko som krev at du søkjer om byggeløyve frå kommunen må du varsle naboane dine først. Du kan ta kontakt med kommunen for å få oversikt over naboar som skal varslas.
     
  4. Send nabovarsel ut frå motatt naboliste
    Informasjon og skjema som nyttas for å varsle naboar om byggeprosjektet ditt
     
  5. Avstandserklæring/nabosamtykke
    Hovudregelen er at det alltid skal vera ein avstand frå bygning på din eigedom til nabogrensa på 4 meter. Dette betyr i praksis at der skal vera 8 meter mellom bygningar på naboeigedommar. Dersom ditt byggeprosekt bryt med hovudregelen må du søkja nabosamtykke frå naboen dette gjeld. 
    Benytt følgande skjema for avstandserklæring/nabosamtykke
     
  6. Send inn søknad
    Hugs å fylle ut alle felt og legg ved all relevant informasjon, slik som teikningar, nabovarsel, kvitteringar for nabovarsel og andre dokument du meinar byggsakshandsamar kan få bruk for.

    Send byggsøknad digitalt via Direktoratet for byggekvalitet sine sider

Når får du svar på søknaden?

Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker.
Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.

Hugs å sende ferdigattest etter at bygget er ferdig

Når bygget er ferdig, må du søke kommunen om ferdigattest. Det er først når søknaden om ferdigattest er godkjent, at du har lov til å ta i bruk bygningen. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon.

Les og søk om ferdigattest via Direktoratet for byggekvalitet sine sider