Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Sommarskule 2021

I veke 31 vil Årdal kommune og samarbeidspartar arrangere ulike sommarskulekurs. Dei ulike kurs er for alle elevane i heile grunnskuleløpet. Merk: det er klassetrinnet du gjekk i, i 2020/2021, som er gjeldande for kva kurs du kan melda deg på.

  • Alle kurs er gratis for elevane.
  • Elevane må ta med matpakke og drikke sjølv på kursa.
  • Elevane og føresette må ordne med transport til og frå kursa.
  • Det er eit avgrensa tal plassar på alle kursa. 
  • Biblioteket arrangerer aktivitetar som sommarles, eventyryoga og andre popup-aktivitetar. Dei har eige påmeldingssystem på si heimeside.
  • På heimesida til Årdal kommune vil det dukke opp andre arrangement i løpet av sommaren. Føl med, føl med!

Alle elevar vil og få utdelt frikort til utebassenga på skulen.

 

Sommaraktivitetar du kan delta på:

Miniforskaren - ViteMeir

1. - 4. klasse    Stad: Tangen Skule    Kortid: 5. - 6. august, kl. 09:00 - 15:00

I kurset «Miniforskaren» får du jobbe som ein forskar. Me skal undersøke kvifor nokon væsker flyt oppå andre væsker og lage vår eiga lavalampe. Du får òg lage di eiga brusoppskrift. Som ekte forskar får du teste og justere oppskrifta til du er nøgd. Er det du som greier å lage den beste brusen?

Me skal eksperimentere med luft og lære å programmere både robotar og kvarandre. Me avsluttar veka med den store forskarkonkurransen.

Kvar dag skal ha ei blanding av faglege og sosiale aktivitetar. Det vil også vere ei dagleg økt med morosam fysisk aktivitet. Dette vil ikkje vere tradisjonelle gymaktivitetar, men ulike aktivitetar som dei fleste ikkje har prøvd før. For å skape eit trygt miljø for elevane, og ein morosam læringsarena, jobbar me mykje i grupper. I starten av kurset har me òg fleire bli-kjent leikar slik at elevane skal føle seg trygge og få nye vennskap.

Klikk for stort bileteKapasitet: 20 deltakarar. Deltakarane må sjølve ta med mat og drikke.
Kurset er i samarbeid med ViteMeir, vitensenteret på Kaupanger.

Søknadsfrist utløpt, 17.07.21 kl 15:00
 

Sommarskule under Skåri - Utladalen Naturhus

5. - 7. klasse    Stad: Utladalen Naturhus    Kortid: 2. - 3. august, kl. 09:00 - 15:00

Saman med naturvegleiarar frå Utladalen Naturhus kan du bli med på å utforska kva plantar og dyr som lever i Utladalen. Kanskje vi får auge på amfibium, rovfuglar, eller sjeldne planter? 

Gjennom aktivitetar skal vi legga til rette for at ville dyr, husdyr, plantar og insekt trivst i kulturlandskapet rundt Naturhuset. 

Dette blir to dagar med høg aktivitet ute i naturen.  

Klikk for stort bileteKapasitet: 15 deltakarar. Deltakarane må sjølve ta med mat og drikke.

Kurset er i samarbeid med Utladalen Naturhus.

Søknadsfrist utløpt, 17.07.21 kl 15:00
 

Regnskogen - Sommarles 

5. - 7. klasse    Stad: Årdal Bibliotek    Kortid: Onsdagar i veke 25 til veke 29, kl: 12:00 - 14:30

Årdal bibliotek lagar spanande aktivitetar i samband med Sommarles.
Med utgangspunkt i FN sine berekraftsmål inviterer biblioteket born frå 3., 4. og 5. klasse (dei som går ut i vår) inn i regnskogen. Vi vil snakke om livet på land, både her i Årdal og i regnskogen. Kvifor er regnskogen viktig for oss og kva har dyrelivet å seie for det livet vi lever? Regnskogen er tema for Sommarles 2021, og bøkene me les saman kan borna registrere på sommarlesprofilen sin.

Det vil bli lesing, diskusjon, spel og aktivitetar. Aktivitetane vil henge saman med tematikken i bøkene som insekt, klima, natur og sjølvsagt livet på land. Me vil ha ulike aktivitetar kvar gong, og me har Årdal bibliotek som base. Opplegget er innom både norsk, naturfag og samfunnsfag. Litt mat og drikke vert det og.

Me møtas på biblioteket onsdagar frå og med veke 25 til og med veke 29, det vert 23. juni, 30. juni, 7. juli, 14. juli og 21. juli. Du kan melde seg på fleire onsdagar, men dersom det vert mange som melder seg på må me prioritere at flest mogleg får vere med, så set opp onsdagane i prioritert rekkefølgje. Me har plass til 5 – 7 born kvar onsdag.
Klikk for stort bileteDu kan lese meir om aktivitetane og melda deg på på biblioteket si heimeside
 

Eksperiment X - ViteMeir

5. - 7. klasse    Stad: Farnes skule    Kortid: 4. - 5. august, kl. 09:00 - 15:00
8. - 10. klasse    Stad: Farnes skule    Kortid: 2.- 3. august, kl. 09:00 - 15:00

Syns du det er moro å gjere eksperiment? Bli med oss å eksperimentere med flammar, flytande nitrogen og Microbits. Du får lære kvifor dei ulike stoffa reagerer som dei gjer, og utforske fysikk, kjemi og matvitskap gjennom praktiske forsøk. Her blir det både eksploderande såpebobler og heimelaga is!

Kvar dag skal ha ei blanding av faglege og sosiale aktivitetar. Det vil også vere ei dagleg økt med morosam fysisk aktivitet. Dette vil ikkje vere tradisjonelle gymaktivitetar, men ulike aktivitetar som dei fleste ikkje har prøvd før. For å skape eit trygt miljø for elevane, og ein morosam læringsarena, jobbar me mykje i grupper. I starten av kurset har me òg fleire bli-kjent leikar slik at elevane skal føle seg trygge og få nye vennskap.

Klikk for stort bileteKapasitet: 20 deltakarar per kurs. Deltakarane må sjølve ta med mat og drikke.
Kurset er i samarbeid med ViteMeir, vitensenteret på Kaupanger.

Søknadsfrist utløpt, 17.07.21 kl 15:00
 

Koding og programmering - Sogn opplæringskontor

8. - 10. klasse    Stad: Tangen skule    Kortid: 5. - 6. august, kl. 09:00 - 15:00

Sogn opplæringskontor tilbyr kurs i programmering og koding. Her får du lære meir om blokkoding og python. 

Kurset passar like godt om du er nybegynnar som for elevar som har hatt programmering som valfag på ungdomsskulen. Her blir det mykje spanande å prøve ut. 

Klikk for stort bilete Markus Spiske Kapasitet: 20 deltakarar. Deltakarane må sjølve ta med mat og drikke.
Kurset er i samarbeid med Sogn opplæringskontor.

Søknadsfrist utløpt, 17.07.21 kl 15:00

Til toppen