Ordens - og åtferdsreglar

Tangen skule skal vere ein trygg plass å vere og ein god plass å lære!

For å nå dette viktige målet, må alle syne omtanke og vere vennlege og hjelpsame mot kvarandre, jamfør skulen sin trivsel - og tryggleiksplan.

Tangen skule syner og til denne planen m.o.t. handsaming av uønska åtferd generelt.

Reglar knytte til orden og åtferd:

Målet for ordens - og åtferdsreglane er at elevane skal lære god orden og åtferd, og at elevane skal syne respekt for desse. 

Reglane her gjeld i skuletida, på skulevegen i rimeleg grad, samt under alle arrangement og turar der skulen har ansvaret:

  • Møt presis til skuletimane og andre avtalar
  • Ha med deg alt utstyr som er nødvendig for skuledagen
  • Ta ansvar for private eigendeler du har med og lat andre få ha sine i fred
  • Utstyr eller gjenstandar som kan forstyrre undervisninga eller vere til skade for eller verke truande på andre, skal ikkje takast med på skulen
  • Mobiltelefonar og smartklokker skal ikkje nyttast i timane.
  • All bruk av skulen sine datamaskiner skal vera i samsvar med skulen sine reglar og den signerte dataavtalen mellom skule og elev
  • Bruk av ikkje tillatne hjelpemiddel, innlevering av arbeid som ikkje er eleven sitt eige produkt eller kommunikasjon under prøvar, er forbode og vil normalt føre til at eleven sine karakterar i fag eller orden vert sette ned
  • Det er ikkje lov å ha med seg eller bruke tobakk og rusmiddel på skulen. Dette inkluderar og e-sigarettar.
  • Dersom ikkje noko anna er bestemt, skal elevane vere på skulen sitt område i skuletida, og dei skal og vere ute or undervisningsromma i friminutta
  • Leik skal generelt gå føre seg ute, og særskilde aktivitetar som t.d. ballspel, bruk av rullebrett o.a. skal gå føre seg på tilviste plassar
  • Generelt skal alle på skulen syne folkeskikk og respekt overfor medelevar og vaksne, særleg i høve til språkbruk og omtale av andre

Tiltak som kan brukast ved regelbrot:

Generelt skal alle tiltak vere i samsvar med forskrifter og norsk lov.
Før eventuell refsing skal eleven alltid ha høve til å gjere greie for seg.
Kroppsleg refsing kan ikkje nyttast. Det vert ikkje rekna som kroppsleg refsing når ein lærar tek tak i ein elev for å stanse han eller vise han til rette eller for å verne eleven sjølv eller andre. Desse tiltaka kan nyttast:

  • Munnleg tiltale frå lærar, rektor eller andre tilsette
  • Munnleg og/eller skriftleg melding til føresette
  • Pålegg om å møte før eller etter vanleg skuletid
  • Utvising frå klasse/gruppe i timen/dagen eller deler av time / dag
  • Utvising frå skulen i inntil tre dagar kan nyttas ved alvorlige høve av valdsbruk,

  hærverk, tjuveri og provoserande/krenkjande åtferd

  • Elevar som plagar andre i friminutta, eller som gjentekne gonger ikkje rettar seg etter det dei vaksne seier, kan verte nekta å ha friminutt saman med dei andre elevane
  • Nedsett karakter i orden og åtferd, jamfør skulen sine eigne føresegner om dette
  • Utestenging eller avgrensa tilgang til bruk av skulen sine datamaskiner i periodar
  • Beslaglegging av mobiltelefon for skuledagen eller deler av skuledagen.  Dersom mobiltelefon utan samtykke er brukt til å fotografere og /eller gjere opptak av andre, skal mobiltelefonen beslagleggjast. Er det mistanke om at fotograferinga og /eller lydopptaket er krenkjande, skal mobiltelefonen leverast til politiet

Skulen skal generelt ha ein god dialog med føresette dersom ein nyttar tiltaka her, og skulen skal straks gje melding til føresette ved grove brot på ordens - og åtferdsreglane.

Erstatning ved skade på skulen sitt materiell, inventar og anlegg eller på andre elevar sine eigendeler:

Elevane skal ta godt vare på skulebøker, anna undervisningsmateriell og alt som høyrer skulen til. Elev og føresette kan og gjerast økonomisk ansvarleg for skadeverk som eleven gjer, og pr. dags dato er dette avgrensa til maksimalt kr. 5000.

Elevane tek med seg pengar og andre verdisaker på skulen på eige ansvar.

Særskilde tilskipingar:

Oppslag og skriv skal godkjennast av rektor før dei kan gjerast offentlege på skulen.
Skulen skal godkjenne alle tilskipingar i skulen sitt namn, og det skal vere ansvarlege føresette og/eller lærarar tilstade.

Fråvær:

Ved fråvær skal skulen straks ha melding frå føresette, og skriftleg melding skal leverast når eleven er attende på skulen.
Ved fråvær er eleven sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert med lekser og skulearbeid.

Samarbeidsutvalet ( SU ) og Skulemiljøutvalet ( SMU )

Dato: mars 2021

Vedlegg til ordensreglementet ved Tangen skule

Orden og åtferdsreglementet ved Tangen skule er heimla i lov av 17.juli 1998 nr 61 om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, Opplæringslova §2-9. Reglementet er utforma slik at det er i tråd med rundskriv 8-2014 frå Udir.

Alle rådsorgana ved Tangen skule er med på å utarbeide det til ei kvar tid gjeldande regelverk.

SFO og leksehjelp er frivillig, og er dermed ikkje ein del av skuletida. Ein har gjort vedtak om at skulen sine reglar og gjeld her.

Fusk: Fusk eller forsøk på fusk er å rekne som brot på ordensreglementet og vil kunne få konsekvensar for eleven sin karakter i åtferd. Dersom ein klart har kopiert andre sine tekstar, eller kommunisert med medelevar i prøvesituasjonen, vert dette å rekne som fusk. Når fusk vert oppdaga vert prøven / resultatet annulert. Dette vil svekke vurderingsgrunnlaget i faget. Fusk ein gong resulterer i god med kommentar i åtferd. Fleire gonger vert vurdert i kvart einskilt tilhøve.

Alvorlege  regelbrot: Dersom det skjer straffbare handlingar, slik som tjuveri, vald, trugsmål, seksuell trakassering, rasistiske utsegner eller handlingar, skadeverk, sjikane knytta til religion, legning/nasjonalitet/kjønn kan skulen be politiet om hjelp. I slike høve skal skulen så langt det let seg gjere varsle føresette før politiet vert kopla inn. Vert eit tilhøve meldt til politiet, skal føresette alltid ha skriftleg melding om dette.

Nettvet: Tangen skule vil til ei kvar tid arbeide med å lære elevane godt nettvit. Private datamaskiner kan nyttast etter avtale med lærar. Likeeins er det ikkje tillete å gjere seg nytte av mobiltelefonar eller andre nettbaserte media i timane utan løyve frå ansvarleg lærar. Elevane ved Tangen skule skal skrive under ein eigen dataavtale. Denne skal arkiverast i elevmappene. Brot på skulen sitt IKT-reglement kan føre til utestenging frå databruk i inntil 3 veker. På ungdomssteget kan det og føre til nedsett karakter i åtferd. Ein presiserar at dette og gjeld bevisst øydelegging av skulen sitt tekniske utstyr. Skulen sin dataavtale ligg som vedlegg til reglementet.

Mobiltelefon: Dersom elevane bryt reglane for bruk av mobiltelefon, skal skulen dra inn telefonen for resten av dagen.

Fåvere: Alt fråvere som ikkje er dokumentert vert rekna som ugyldig. Dette gjeld både einskildtimar og heile dagar. Skulk ein gong gjev god med kommentar i åtferd. Fleire gonger vert vurdert i kvart tilfelle. Avgjerda vert teken etter dialog med elev og heim.

Skuleskyss: Udir skriv gjeldande dette: okt. 2018 - Rett til skyss ved urolig oppfør. ... Regler for akseptabel oppførsel kan reguleres i ordensreglementet, ... Oppførsel på skoleveien, herunder oppførsel på skolebussen, kan reguleres i skolens ordensreglement.

I høve gjeldande regelverk, vert det streka under at retten til skuleskyss kan falle bort for kortare eller lengre tid dersom eleven oppfører sg slik at han oppførerseg klandreverdig i høve medelevar, transportøren eller andre passasjerar. Dette gjeld og dårleg framferd på haldeplassane.

Erstatningsplikt:

•Ved hærverk/tjuveri i samband med skulen sin eigedom eller eigendelar, kan elevar etter avtale med føresette bli pålagde å rydde opp eller utbetre skaden dersom ein har føresetnader for det. Arbeidet må stå i rimeleg forhold til skaden.

•Eleven kan bli erstatningsansvarleg etter Skadeerstatningslovens § 1-1. Føresette er erstatningspliktige for opp til 5000 kr pr skade, jfr. Skadeerstatningslova sin § 1-2.

•Eleven er erstatningspliktig for skulebøker eller anna lånt utstyr dersom det vert øydelagt eller ikkje levert inn ved skuleslutt.

•Skulen skal reagere dersom elevar øydelegg andre elever sine eigendelar. Skulen kan hjelpe dei involverte i å finne ei minneleg løysing.

•Straffbare tilhøve kan meldast politiet av rådmannen.

PC ansvar: Datamaskiner og anna elektronisk utstyr som eleven låner, kan i visse høve etter avtale med lærar lånast med heim. Eleven er då ansvarleg for utstyret og erstatningsansvarleg om noko skulle bli øydelagt. Heimel for å krevje erstatning; skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2.

Smartklokker: På lik linje med telefon, kan ein ikkje nytte smartklokker i skule- og SFO tid. Fleire har fått slike klokker i ulike variantar, og dei utfordrar grunnleggande sider ved personvern og ansvar. Likeeins kan det takast bilete, noko som mange elevar fryktar. Dette gjeld særleg i garderobesituasjonar.  Klokkene må derfor oppbevarast på lik linje med telefonane. Ein opplever det som forstyrrande når elevane vert ringde opp i timar.

Orden og åtferd: I ungdomssteget er det eit samla lærarråd som handsamar vurderinga i orden og åtferd. Når ein fastset karakteren, ser ein på i kva grad eleven har opptredd i samsvar med reglementet. I orden vert det vurdert om eleven er førebudd, har gode arbeidsvanar, har arbeidsinnsats som er tilfredsstillande, er presis, følgjer opp arbeidet som skal gjerast og har med seg nødvendig læremiddel og utstyr. I åtferd vert det vurdert korleis eleven oppfører seg mot andre i skulesamfunnet, der mellom anna mobbing og andre krenkingar, bråk og skulk vert tekne med. Ein pliktar å handsame alle med respekt, ikkje nytte ukvemsord eller vere truande mot andre som til dagleg er på Tangen skule. Likeeins vert det venta av elevane at dei oppfører seg høfleg mot alle besøkjande på skulen.

Røyking og bruk av snus ein gong gjev god med kommentar i åtferd. Fleire gonger vert vurdert i kvart tilfelle.

Konfliktar mellom elevar vert handsama etter momenta som er sett opp i skulen sin plan for trivsel og tryggleik. I høve der krenkinga er å rekne som mobbing, skriv rektor enkeltvedtak på hendinga.

Ordensreglementet vert handsama i rådsorgana i mai / juni kvart år.