Spesialundervisning for vaksne

Spesialundervisning gjeld for vaksne som ikkje har utbytte av ordinær opplæring, eller har behov for å utvikle eller vedlikehalde grunnleggande ferdigheiter.

Tilbodet gjeld for deg som:

  • treng hjelp til å vedlikehalde eller utvikle grunnleggande ferdigheiter 
  • treng ny opplæring på grunn av sjukdom, skade eller endra livssituasjon
  • har syns- eller hørselsskader
  • strevar med lesing, skriving eller matematikk
  • treng opplæring i å bruke hjelpemidde

Informasjon om tilbodet:

Vi skil tilbodet om spesialundervisning etter opplæring i fag (Læreplan 2020) og opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Spesialundervisning vaksne - første ledd

Vaksne (16 år og oppover) som ikkje har eller som ikkje kan få tilfredstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet for vaksne, har rett til spesialundervising (første ledd) 

Innhald:

  • norsk
  • engelsk
  • matematikk
  • naturfag
  • samfunnsfag

Opplæring etter læreplan for grunnskulen (LK20)

Skjema for å melde deg på spesialundervisning vaksne første ledd

Spesialundervisning vaksne - andre ledd

Vaksne som har særlege behov for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggande ferdigheiter, har rett til slik opplæring (andre ledd).

Innhald:

  • Aktivitetar i dagleglivet (ADL)
  • Språk og kommunikasjon
  • Grunnleggande ferdigheiter (munnleg, lese, skrive, rekne og digitale ferdigheiter)

Skjema for å melde deg på spesialundervisning vaksne andre ledd

Har du spørsmål?

Jasmin Eminovic
Rektor - Vaksenopplæring
E-post
Telefon 45 97 95 29
Mobil 45 97 95 29