A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Svøm langt 2015

Årdalshallen vil også i 2015 delta i den landsomfattande kampanjen til Svømmeforbundet.

Som mange år tidlegare har Årdalshallen også i år valt å melde seg på kampanjen for å auke motivasjon for trening i form av sømjing for Årdølene. I fjor var det heile 50 personar som tok utfordringa og deltok her i Årdal. Dei flest klarte krava til distanse med god margin. Dersom ein søm 1000 m i veka er ein sikker på å kome i mål før kampanjen vert avslutta i mars.
I år er hovudpremien ei reise for for ein familie til ferieøya Rhodos  sponsa av Apollo. Denne vert dette året trekt ut blant born under 13 år som deltek og oppnår minst 2500 meter distanse i løpet av tida fram til 31 mars.  I klassen for vaksne er premien ein tur for to til Rhodos. Kravet her er minst 10000 m i løpet av kampanjetida.I tillegg er det fleire mindre premiar, samt at Årdalshallen har eigne premiar som vert trekt blant deltakarane.
Funksjonshemma vert oppmoda særskild til å delta. Det er god trening, og krava for å verte med i trekninga for vaksne og born er hhv 5000 og 1500 meter utsømd distanse i løpet av kampanjetida.
Deltakinga kostar ikkje noko i seg sjøv, då det ikkje er deltakaravgift.

Badevaktene i Årdalshallen oppmodar flest mogeleg til å registrere seg og delta. Det kan enkelt gjerast ved å fylle ut deltakarskjema i billettluka i hallen, men det er også fullt mogeleg å registrere seg på nett, og følgje opp framgangen og utsømd distanse der. 

Adressa er : www.svomlangt.no

Årdalshallen ser fram til å ta mot mange deltakarar denne vinteren og våren.

 

Tips ein ven Skriv ut