A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Svikt i etablerte rutinar

Rådmannen har i dag hatt diverse interne møter og gjort førespurnader eksternt for å klargjere årsaka/årsakene til at det fredag vart lagt ut dokument på postlista som skulle vore unnatekne offentlegheit.  


Det er no synleggjort at feilen skuldast svikt i etablerte rutiner internt hjå oss, noko som i dette tilfellet fekk negative følgjer som rådmannen på det sterkaste har sagt seg lei for og beklaga både i media og skriftleg overfor pårørande og verjepersonar.

Programvareleverandøren har skriftleg gjort greie for at det ikkje er logga teknisk svikt eller avvik i programvaren.

Med verknad frå og med i dag er det kommunisert og iverksett korrektive tiltak for å lukke avviket. Rådmannen har skriftleg, til aktuelle medarbeidarar, understreka at gjeldande rutiner skal følgjast fullt ut. 

Fylkesmannen er gjort kjent med dette.

Tips ein ven Skriv ut