A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Stor auke i besøket i 2011

Årdal bibliotek kan glede seg over flotte besøkstal i 2011.

Over 50.000 vitja biblioteket i løpet av året. Dette er ny rekord, og ei auke på rundt 10.000 besøkande frå 2010.

Vi ser det spesielt godt i sommarmånadane då svært mange turistar og utflytte årdøler er heime på ferie. I 2011 hadde vi og førehandsrøystinga til valet, og det og drog opp besøkstala i august og september. Samstundes ser ein jamn auke gjennom heile året. Ein ser og at laurdagsope har vore populært.

Talet på utlån har og auka noko, men ein ser at bibliotekbruken endrar seg i takt med samfunnsutviklinga. Mange av brukarane nyttar biblioteket som ein sosial møteplass og som ein stad å vere, og dette er heilt i tråd med kva vi ville oppnå med det nye biblioteket - eit levande bibliotek med plass for alle.

Vi har framleis plass til fleire.

I februar skal vi ha ryddesal. Grunna plassen og at vi vil ha ei aktuell samling må vi heile tida ta ut att like mykje frå samlinga som vi kjøper inn. Vi vil gje lånarane høve til å kjøpe det vi må kvitte oss med for ein rimeleg penge.

I mars kjem bokbåten Epos til Årdal att. Sist besøk var ei fin oppleving, og vi håpar fleire finn vegen dit neste gong. Som sist vert det høve til å låne bøker, samt at det er eit kulturprogram ombord.

I høve ungdommen har vi no kjøpt inn 2 nye pc-ar til ungdomsdelen av biblioteket. Desse egnar seg spesielt godt til spel, og skal snart vere på plass i biblioteket.

Velkommen innom!