A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Stillingar i Barnehagane

Søknadsfrist: 14. oktober

Ledig stilling

Me har ledig
Uravegen barnehage:
100% vikariat som pedagogisk leiar frå 01.01.20 - kan bli fast
70% vikariat som barnehagelærar frå 01.01.20 - 15.08.21

Årdalstangen barnehage:
100 % fast stilling som barnehagelærar frå 01.12.19
20 % vikariat som fagarbeidar/assistent frå 01.12.19 - 15.08.20.
100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 01.01.20-15.08.20.

Einehaugen barnhage
100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.20

Alle barnehagane har behov for tilkallingsvikarar.

Andre ledige stillingar:
Det kan og vere at det vert andre ledige vikariat/mellombelse stillingar som fagarbeidar og førskulelærar i barnegruppene og på styrkingstiltak i alle barnehagane

Kvalifikasjonskrav
Til stillingane som barnehagelærar/pedagogisk leiar og styrar vert det krevd utdanning som barnehagelærar og til stillingar som fagarbeidar/assistent er det ei føremon med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med
anna relevant utdanning/praksis kan og søkje.

Me ønskjer personar som har gode samarbeidsevner og er fleksible, men må og kunne arbeida sjølvstendig og ha gode evner til å sjå enkeltbarn og heile barnegruppa.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter HTA.
Løn som fagarbeidar er mellom kr. 350 800 - 430 000,-
som barnehagelærar mellom kr. 410 000,- - 505 000,-
som pedagogisk leiar mellom kr. 430 000,- - 515 000,-
som assistent mellom kr. 301 500,- - 405 100,-
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
trivelig arbeid med ungar i ein hektisk kvardag og godt arbeidsmiljø.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Turid Natvik, Styrar i Årdalstangen barnehage, tlf: 45879408, mobil: 45879408, tna@ardal.kommune.no
Anne Gerd Jevnaker, Styrar i Uravegen barnehage, tlf: 45879340, mobil: 45879340, agje@ardal.kommune.no
Solveig Hunshammer, Styrar i Einehaugen barnehage, tlf: 45879337, shu@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut