A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage/Spesialpedagogisk hjelp i barnehagen

Spesialpedagogisk hjelp i barnehagen

Barn under opplæringspliktig alder som har særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp. Hjelpa skal alltid omfatte tilbod om foreldrerådgiving. Dette følgjer av barnehagelova §§ 19 a og 19 e andre ledd bokstav f.

Før det blir gjort vedtak om spesialpedagogisk hjelp, skal det liggje føre ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta. Dersom vedtaket vik av frå den sakkunnige vurderinga, skal kommunen utforme tilbodet i samarbeid med deg/dykk, leggje stor vekt kva du/de meiner, og grunngi kvifor kommunen ikkje følgjer tilrådinga frå PP-tenesta. Dette følgjer av barnehagelova §§ 19 d, 19 b andre ledd og 19 e.
https://lovdata.no/Barnehageloven §19a