A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Spesialomsorg endrar namn

Kommunestyret har i dag vedteke at tenesta "Spesialomsorg" skal endre namn til "Bu- og miljøtenesta".

Tenesteområdet yter i dag eit breidt spekter av tenester til personar med nedsett funksjonsevne og personar med psykisk liding. Tenestene vert ytt i bufellesskap, som oppsøkjande tenester og i lågterskel tilbod. Likeverd og respekt er grunnleggande verdiar for alle menneske, uavhengig av kva livssituasjon ein er i. Å motta tenester som kan oppfattast å ha svært spesiell karakter til personar med svært spesielle behov kan opplevast stigmatiserande og lite respektfullt.

Nemninga Spesialomsorg kan vere misvisande og stigmatiserande i høve tenestemottakarane, men og i høve tenesteytarane. Dei yter alle omsorgstenester og miljøarbeid i samarbeid med brukarane. Bu- og miljøteneste er difor eit betre og meir dekkande namn på tenesteområdet.

Det har komme merknader om at psykisk helse og rusomsorg vert anonyme tenester med det nye namnet, og at desse burde ha eige namn. Rådmannen har vurdert det, men vil ikkje tilrå ei utviding av namnet. Bu- og miljøtenesta omfattar alle tenestene, alle tenestestader vil framleis ha eigne namn og funksjonsnummer.

Tips ein ven Skriv ut