Sogn og Fjordane har fått mobbeombod

Mobbeombod

Sogn og Fjordane har frå 6.8.2018 fått eige mobbeombod for barnehagebarn og elevar i grunnskulen. Alle barn og unge skal ha det trykt og godt i barnehagen og på skulen.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Sogn og Fjordane eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet i Sogn og Fjordane heiter Aina Drage. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt. 

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet; på telefon 91 87 90 92 eller på e-post Aina.Drage@sfj.no
Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/Mobbeombodet i Sogn og Fjordane).

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.sfj.no/mobbeombodet.

Innformasjonsbrosjyre for elev

Innformasjonsbrosjyre for vaksne

Tips ein ven Skriv ut