A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Søknad om plass til barnehage og SFO

Klippartbilde barnehage

Søknadsfrist 1. februar

Velkomen som søkjar til barnehage/skulefritidsordning. Årdal kommune har plassar i skulefritidsordning i Øvre Årdal og på Årdalstangen og i desse barnehagane:
•    Farnes barnehage 0-6 år
•    Uravegen barnehage 0-6 år
•    Haugane barnehage 0-6 år
•    Ve barnehage 0-6 år
•    Årdalstangen 0-6 år
•    Einehaugen 0-6 år

Kven kan søkje?
- dei som ynskjer barnehageplass, og som ikkje har plass i dag
- dei som ynskjer endring i det noverande barnehagetilbodet
- dei som går i 1.- 4. klasse som ynskjer plass i skulefritidsordninga

Barn som har barnehageplass treng ikkje søkje, men i SFO må ein søkje kvart år.

Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema, kan ein få hjå styrarane i barnehagane, eller
* Solveig Hunshammer tlf. 45879337

Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema til SFO, kan ein få hjå
* Ann Merete Sviggum, Tangen skule tlf. 99260629
* Hanne Britt Eldegard, Farnes skule tlf.  45879355

Søknadsskjema finn de:
Her på heimesida under skjema, kan sendast elektronisk.
Papirversjon finst på helsestasjonane, tenestetorget i Rådhus 1, i barnehagane og skulane (SFO).

Søknaden skal sendast til:
Årdal kommune, barnehagane, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.

Søknad på papir kan også leverast i ein barnehage eller på tenestetorget.
Søknadsfrist 1. februar 2017.

Hovudopptaket vert gjort innan 1.mars. Oppstart i barnehagar og SFO er 21. august 2017.

Tips ein ven Skriv ut