A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Skulefritidsordninga (SFO)

Føremål med tenesta
Skulefritidsordninga (SFO) skal gje eit trygt og utviklande fritidstilbod for barna utover skuletid, tilpassa barna og foreldra sine behov.

Kven får tenesta

  • Barn i 1. – 4. klasse og born med særskilte behov i 1. – 7. klasse kan få tilbod om plass i SFO.

Korleis få tenesta

  • Det er eige skjema for søknad om SFO-plass, med søknadsfrist 1. februar. Alle barnehagane og 1. – 3. klasse får skjema sendt heim i midten av januar.

  • ilbod om SFO-plass og søknadsfrist vert kunngjort i lokalavisa.

  • Søknadsskjema får ein ved å ta kontakt med barnehagane eller grunnskulane i kommunen. Elles finn ein også søknadsskjema på heimsidene til Årdal kommune.

Kva omfattar tenesta

  • Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utganspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. I tillegg skal skulefritidsordninga gje barna omsorg og tilsyn.

  • Leike- og opphaldsareal, både ute og inne, skal vera eigna og tilpassa den aktiviteten som vert driven. SFO nyttar skulen sine fellesareal ute og inne, og inventar og utstyr på lik linje med skulen.

  • SFO er open kvar dag både i Øvre Årdal og på Årdalstangen frå kl. 06.45 - 16.00, når elevane i 1. – 4. ikkje er på skulen. SFO har stengt veke 29 og 30 om sommaren, elevfrie dagar, samt jule- og påske ferien.

    • I andre feriar, er det påmelding etter behov. Leiar for SFO sender ut skjema om påmelding i god tid før feriane.

    • Barna har med seg frukost og event. ettermiddagsmat, mjølk og juice får dei på SFO. Elles er det ei fruktstund (Øvre) tysdag, torsdag, fredag og varmt måltid ein gang i månaden. Foreldra må betala 35,- kr. i månaden for å vera med på frukt/matordninga.

Kva kan eg forventa av dei tilsette

  • At dei gjev barna omsorg og tryggleik.

  • At dei gjev barna vaksenkontakt og høve til kontakt med andre barn på tvers av alder og kjønn.

  • At arbeidet med barna vert gjennomført på ein fagleg forsvarleg og trygg måte.

  • At både barn og føresette blir ivaretekne og møtt på ein hyggeleg måte.

  • At dei held teieplikta.

  • At tilsette i SFO/skule deler nødvendig informasjon til beste for barnet.

Kva kan forventas av dei føresette

  • At dei tilsette får alle opplysningar som er nødvendige om barna for å kunne gje dei best mogleg opphaldstid i SFO.

  • At barna har tilstrekkeleg klede med seg, og at dei er kledd etter været. I tillegg skal det vera byteklede, helst merka, i garderoben deira.

  • At føresette gjev beskjed dersom barnet ikkje kjem på SFO

  • Barn og føresette må gje beskjed til ein av dei tilsette når dei går eller vert henta.

  • At det vert gjeve beskjed dersom andre enn dei føresette skal henta barnet.

  • At føresette held påmeldingsfristen når det gjeld feriar og skulefrie dagar.

  • At barna blir henta før SFO stengjer kl. 16.00.

Reglar for du som nyttar SFO

  • Skulefritidsordninga skal seiast opp med ein månads varsel.

  • Oppseiing av plassen må skje innan den 1. eller 16. i månaden. Då har ein plass i SFO til den 1. eller 16. i månaden etterpå.

  • Etter vedtak av lektor og leiar for SFO kan barn miste plass dersom:

  • den føresette ikkje betalar i rett tid

  • plassen vert nytta utover avtala tid

Pris/kostnad/tilskotsordningar

  • SFO nyttar dei betalingssatsane som til ei kvar tid er vedtekne av kommunestyret.

  • 35,- kr. i månaden for at barnet skal få frukt kvar dag og varmt måltid ein gang i månaden. (Øvre Årdal)

  • Det blir gitt søskenmoderasjon i SFO, med utgangspunkt i at det skal betalast fullt for den plassen som er dyrast. Kommunestyret fastsett slik søskenmoderasjon, K-sak 74/04:

*når barn nr. 2 går i barnehage/SFO får ein 30 % reduksjon i foreldrebetalinga, øvrige barn i barnehage/SFO får 50 %.

Heimelsgrunnlag for tenesta

  • Dei kommunale skulefritidsordningane vert drivne i samsvar med lov og forskrifter om skulefritisordninga og kommunale og lokale retningslinjer.

  • Opplæringslova av 17/7-98, § 13.7

  • Forvaltningslova av 2/10-67

  • Forskrift om Miljøretta helsevern i barnehage og skule

  • Forskrift om ”Sikkerhet ved lekeplassutstyr”

Når ting ikkje fungerer

  • Dersom det er noko som ikkje går bra, kan ein først ta kontakt med avdelinga og avdelingsleiar der barnet går.

  • Vidare kan ein ta kontakt med leiar for SFO.

  • Dersom du framleis ikkje er nøgd, kan du ta kontakt med rektor ved skulen.

  • Neste instans er rektor sin overordna.

Klage på opptaket
Tildeling av plass/avslag på søknad om plass er å rekna som eit einskildvedtak, og Forvaltningslova sine reglar gjeld. Formannskapet er klageinstans. Klage vert å senda tenesteområdet seinast 3 veker etter at melding om vedtak er motteke.

Brosjyrar, anna/meir informasjon

  • Retningslinjer for skulefritidsordninga

  • Eiga informasjonsbrosjyre kvar haust

  • Kommunen sine vedtekter for skulefritidsordning

  • Skuleruta

  • Sjå også heimsida til Årdal kommune.

Praktiske opplysningar
Administrajonen ved skulane har ope måndag-fredag.