Konsert for flyktningar

 

Torsdag den 23. september arrangerte Hugin ein konsert til inntekt for flykningane i Syria. Innsats for andre- gjengen på ungdomsskulen i Øvre Årdal hjelpte til og samla inn pengar til dei.

Då me kom inn i salen var det nesten fullt hus . Det var god stemning heile kvelden med musikk, mat og drikke. Stian Laberg heldt ein tale om flyktningane i Syria, talen fekk mykje ros og rørte mange.

Me intervjua nokre jenter frå innsats for andre- gruppa, Synne Øvregard, Mari Vee, Tonje Lomheim og Stine Holelien.  Alle som har dette valfaget hadde bakt kaker og teke med kaffi for sal.

De sel også lodd til konserten, kvifor gjer de dette?

– Me gjere det for å tene pengar til flyktningane i Syria. Dei som vinn lodda kan få premie, seier Synne. Gevinstane har me fått frå bedriftene rundt om i bygda. Me lurte vidare på kva pengane går til. – Til syriske flyktningar som reiser ei farefull ferd over Middelhavet fordi dei ikkje har det bra der dei bur, seier Tonje

Me lurer på om de har tent masse pengar?

 – Ja, 16 766 kr! Mange har møtt opp og det er kjempebra, me må hjelpa dei som ikkje har det like bra som oss, seier Mari

Er konserten bra?

 – Veldig bra, bra musikk og flinke artistar, seier Mari nøgd.

Kvifor hjelper de flyktningar?

 – Dei treng hjelp. Mange døyr kvar dag, dei treng ein plass å bu, mat og drikke. Dei fortener å ha det bra dei også, seier Mari

Kvifor er de med på dette?

– Me har innsats for andre i valfag, så me spurte om å få vere med på konserten til Hugin, seier Synne.

Kvifor valde de akkurat dette temaet?

-Fordi det er krig der, og me vil hjelpa dei til å få det betre. Me har sett så mykje om det i media. Mange flyktningar døyr kvar dag og dei treng hjelp, seier Synne.

Kvifor synest de dette er viktig?

– Det er viktig fordi me må hjelpa dei trengande for at dei skal ha eit godt liv, seier Synne.

Mange har møtt opp til dette, kvifor trur du det?

– Fordi det er mange som vil samle inn pengar til flyktningane i Syria, dei vil hjelpa til og det er bra, seier Synne.

 

Konserten inneheldt blant anna :

Anne Margrete Hatleli

Bill Boards

Frida Hunshammar med Bill Boards

Råskinn

 

Tekst og bilete: Tonje Stølen Moen og Marianne Valsvik

(valfag, medie og informasjon)

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Powered by CustomPublish AS