A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Skjenkeløyve, ambulerande/einskildarrangement

Ønskjer du å servere alkoholhaldig drikk i samband med slutta selskap eller ved eit bestemt høve, må du søkje kommunen om skjenkeløyve.

  • Ambulerande skjenkløyve er ikke knytta til ein bestemt person eller skjenkestad, og gjeld berre skjenking i slutta selsskap. Løyvet krev normalt ikkje ved reint private arrangement som bryllup, fødselsdagsselskap eller andre jubilè så lenge det ikkje vert teke betaling for drikke.
  • Løyvet for eit enkelt, bestemt høve vert gjeve berre til bestemte begivenheitar/arrangement som for eksempel festivalar og dansetilstellingar. Slike løyve kan gjevast enten som alminneleg løyve eller som løyve i slutta lag.

Løyvet kan gjelde

  • Alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • Alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
  • All alkoholhaldig drikk

Kriteriar
All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annan form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (legitimasjon vert krevd). Det er ikkje krav om greidd kunnskapsprøve.

Regelverk
Sjå alkohollova § 1-6 andre ledd (enkelt anledning) og § 4-5 (ambulerende skjenkebeviling)