A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Skjenkeløyve alkohol

Personar eller verksemder som ønskjer å drive serveringsstad som sel alkoholhaldig drikke, må søkje kommunen om skjenkeløyve. Skjenkeløyvet vert gjeve for maksimum fire år om gongen.

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje ved skifte av styrar og avløysar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell vekk ved overdraging av verksemda.

Løyvet kan likevel halde fram på det tidlegare løyvet i inntil 3 månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheiten har fått melding, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast 30 dagar etter overdraginga.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
  • alkoholhaldig drikk med lågare alkoholinnhald enn 22 volumprosent
  • all alkoholhaldig drikk

Kriteriar
Det må ligge føre serveringsløyve før det kan gjevast skjenkeløyve. Løyvesøkjar og personar som har vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel.

For kvart løyve skal det vere ein styrar med avløysar knytta til serveringsstaden. Styrar må ha bestått etablererprøven og kunnskapsprøven - og avløysar må ha greidd kunnskapsprøven om alkohollova. Begge personane må vere over 20 år og arbeide i verksemda. Dei må oppfylle krava som er sett i alkohollova (og serveringslova).

Samarbeidspartnarar

  • Vaktselskap/kontrollørar
  • Lensmann/politi skal uttale seg om søkjaren og sentrale personar sin vandel
  • Mattilsynet (kontrollere mathygienen i lokala, spesielt kjøken- og toaletttilhøve)
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene (kontrollere/uttale seg om at løyvehavaren overheld skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)

Praktiske opplysningar og krav til vedlegg
Du må søkje skriftleg på elektronisk skjema
Kunnskapsprøven i alkohollova kan du ta i kommunen. Kontakt tenestetorget tlf. 57665220 for å gjere avtale.

Vedlegg som må følgje søknaden:
Plantegningar over lokalet sitt areal og funksjonar
Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
Dokumentasjon på bestått etablerarprøve (styrar)
Dokumentasjon på styrar/stedfortredar sin tilknytning til verksemda
Firmaattest fra Brønnøysundregistrene
Skatteattest