A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Skatt

Seksjon økonomi - skatt

Skatteoppkrevjar Ann Kristin Fjeldstad
Telefon: 459 77 837
E-post: Ann Kristin Fjeldstad eller skatt@ardal.kommune.no

Kontoradresse:
Rådhuset
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Postadresse:
Statsråd Evensensveg 4
6885 Årdalstangen

Hovudoppgåve
Skatterekneskap og innkreving.

Informasjon:
Kontonummeret til Skatteoppkrevjaren i Årdal er 6345.06.14248 i Nordea. De kan få laga til kid-nummer for innbetaling ved å ta kontakt med den tilsette eller laga sjølv ved å gå inn på skatteetaten

Skatteattest kan ein lage sjølv på skatteetaten eller altinn.no, men vert og laga ved førespurnad.

Endring av kontonummer for utbetaling av tilgode skatt kan ein gjera på www.skatteetaten.no, www.altinn.no eller ved å ta kontakt med skatteoppkrevjaren.

Innbetaling av skatt og avgift til Skatteoppkrevjaren skal skje til faste tider, nedanfor følgjer ein oversikt:

Forskotsskatt Personlege skatteytarar (Skattebetalingsloven § 10-20)
Forfell til betaling i fire like store terminar gjennom inntektsåret.

  • 1. termin 15. mars
  • 2. termin 15. mai
  • 3. termin 15. september
  • 4. termin 15. november

Tilleggsforskot (Skattebetalingsloven § 4-7)
31. mai det året likninga skal gjerast, dvs. året etter likningsåret

Restskatt Personlege skatteytarar (Skattebetalingsloven § 10-21)
Forfell til betaling 3 veker etter at utlegg av skattelista er kunngjort, men tidlegast 20. august i likningsåret. Dersom restskatten er over kr 1 000 forfell 2. termin 5 veker seinare.

Første UTLEGGING av skatteoppgjer/liknin for 2018 for personlege skatteytarar er 20.06.2019.

Restskatt for inntektsåret 2018 med utleggingsdato 20.06.2019 har forfall:
1. termin: 20.08.2019
2. termin: 24.09.2019

Dato oversikt skatteoppgjeret 2019
for likningsåret/ skattefastsettingsåret 2018

  Skatteoppgjersdato 1. forfall restskatt 2. forfall restskatt
Personlege 20. juni 2019 20. august 2019 24. september 2019
Personlege inkl  næringsdrivande 15. august 2019 5. september 2019 10. oktober 2019
       
Personlege inkl  næringsdrivande Det vil bli køyrt løpande skatteoppgjer i denne perioden    
       
Personlige 23. oktober 2019 13. november 2019 23. desember 2019
Upersonlige 23. oktober 2019 13. november 2019  


Forskotsskatt upersonlege skattytarar (Skattebetalingsloven § 6-5)

Forfell til betaling i to terminar i året etter likningsåret

1. termin 15. februar
2. termin 15. april

Tilleggsinnbetaling (Skattebetalingsloven § 4-7)
31. mai det året likninga skal gjerast, dvs. året etter likningsåret.

Restskatt upersonlege skattytarar (Skattebetalingsloven § 10-21)
Forfell til betaling 3 veker etter utlegg.

UTLEGGING av skatteoppgjer/likning for 2018 for upersonlege skattytarar er 23.10.2019.

Restkatt for inntektsåret 2018 har forfall: 13.11.2019.
 

A-ordningen for arbeidsgjevarar

Frå januar 2015 skal alle arbeidsgjevarar levera A-meldingen. Meldingen erstattar fem av skjemaene som i dag vert levert til Skatteetaten, Skatteoppkrevjaren, NAV og Statistisk sentralbyrå.

A-meldingen vil frå 2015 erstatta løns- og trekkoppgåva, årsoppgåva for arbeidsgjevaravgift, terminoppgåva, oppgåver til lønsstatistikk og melding til Aa-registeret.

A-meldingen skal sendast elektronisk minst ein gong i månaden med opplysningar om alle tilsette  sine arbeidsforhold og utbetalinger. A-meldingen kan sendast via løns- og personalsystem eller registrerast manuelt i Altinn.

Les meir på altinn a-ordningen eller ring telefon 80080000, tasteval 4-3-2.
 

Fristar for rapportering/betaling 2019

Fristar for levering av a-melding og betaling av skattetrekk/ arbeidsgiveravgift 2019
(justert etter helligdagar og helgar)
KID og kontonummer for betaling av skattetrekk og arbeidsgiveravgift ligger i tibakemeldinga du får etter innsendt a-melding. Tilbakemeldinga er tilgjengeleg i "Min meldingsboks" i Altinn eller i lønssystemet.

Rapportering gjeld måned Oppgjersperiode Oppgåvefrist og forfall 
Januar
Februar
5. februar 2019
5. mars 2019
15. mars 2019
 Mars
April
5. april 2019
6. mai 2019
15. mai 2019
 Mai
Juni
5. juni 2019
5. juli 2019
15. juli 2019
 Juli
August
5. august 2019
5. september 2019
16. september 2019
 September
Oktober
7. oktober 2019
5. november 2018
15. november 2019
 November
Desember
5. desember 2019
6. januar 2020
15. januar 2020

Oppgjer med utsett betaling ved forenkla oppgjersordningar (A04 og A05) er ikkje videreført i a-ordningen, for desse er betalingsfristen dagen etter lønsutbetaling.  

Det er utarbeida ei rettleiing for arbeidsgjevarar som omhandlar trekk og avgiftsplikt:

Lønns-ABC

Denne finn de på kemnerkontoret Oslo kommune eller skatteetaten.no.  

 

Arbeidsgjevarkontroll
Skatteoppkrevjaren i kvar kommune har ansvar for å kontrollere at arbeidsgjevarar utfører lovpålagde oppgåver gjeve i samsvar med skattebetalingslova og folketrygdlova samt forskrifter og retningslinjer gjeve med heimel i nemnde lover.

 

Det er inngått eit samarbeid om arbeidsgjevarkontroll mellom desse kommunane:
Aurland, Balestrand, Høyanger, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Det er tilsett 2 rekneskapskontrollørar og desse har kontorplass på Årdalstangen i lag med Økonomiseksjonen og Skatteoppkrevjaren i kommunen:

Betsy Iren Fykse, telefon: 474 88 792
E-post: betsy.fykse@ardal.kommune.no

Wenche Irene Sjåstad, telefon: 459 77 850
E-post: wenche.irene.sjastad@ardal.kommune.no
   
Oslo kemnerkontor har utarbeidd ei rettleiing for arbeidsgjevarar. Denne heiter Lønns-ABC og kjem ut i desember kvart år. Heftet kan nyttast som eit oppslagsverk og informerer blant anna om trekkplikt, skatteplikt, fristar, satsar, ulike godtgjersler osb.
Dette finn de på Oslo kemnerkontor eller skatteetaten.