Sjukepleiar - 100% vikariat

Søknadsfrist 11. desember 2017

Me har ledig:
Heimesjukepleien Øvre:
1 x 100% vikariat frå snarast i ca 1 år, kan bli forlenga.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida 3 av 8 helgar.
Må ha førarkort, og kunne køyre i all slags ver og føreforhold.

Kvalifikasjonskrav:
Autorisasjon som sjukepleiar

Personlege eigenskapar
Søkjar må ha gode faglege kunnskapar, vere samarbeidsvillig, og bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Løn og tilsettingsvilkår:
Stillinga er løna etter stillingskode 7174  med for tida lønsplassering frå kr. 376.200,-  til kr. 456.500,- pr. år i 100%.
Tillegg for arbeid på kveld, natt og helg.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Politiattest vil verte krevd.

Søknadsprosedyre:
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson:
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut