A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Sjukepleiar - 100% vikariat

Ledig stilling

Heimesjukepleien Øvre, sone 1 & 2:
1 x 100% vikariat  frå 14.04.17 i ca 1 år

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida3 av 8 helgar.

Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig andre stillingar. Skriv i søknaden om du eventuelt vil vurderast.

Søknadsfrist:  20.02.2017

Kvalifikasjonskrav
Offentleg godkjenning som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar
Søkjar må ha gode faglege kunnskapar, vere samarbeidsvillig, og bidra til å skapa eit godt arbeidsmiljø.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7174 med for tida lønsplassering frå kr. 373.700,- til kr. 440.200,- pr. år i 100%.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og må ha førarkort for bil.
Politiattest vil verte krevd for nytilsette.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.


Søknadsfrist    20.02.2017    Utlyst dato    03.02.2017    

Kontaktperson
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut