A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Sjåfør/fagarbeidar i tekniske tenester

Ledig stilling

Ledig 100% stilling som fagarbeidar/sjåfør i tekniske tenester, utedrift.
Søknadsfrist 09.04.2018.

Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har mellom anna ansvaret for drift og vedlikehold av kommunale vegar, grøntanlegg, leikeplassar, 
kyrkjegardar, vassforsyning, avløp og renovasjon.
Denne stillingen har arbeidsoppgåvene i hovudsak innafor utedrift vegvedlikehold og brøytevakt i vintersesongen så erfaring frå brøyting er ei føremon. Den som vert tilsett kan i periodar bli tildelt arbeidsoppgåver innafor heile tenesteområdet.
 
Kvalifikasjonskrav
Me ser etter ein person som har fagbrev i veg og anlegg, men andre med erfaring kan og søkje.
Det er ei føremon med førarkort klasse C. Maskinførarkurs, krankurs og trucksertifikat.
 
Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vil verte vektlagte og me søkjer etter;
ein person som er serviceinnstilt, syner engasjement og vil vera med å fremma til eitt godt samarbeid og sjå gode løysingar.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingen er løna etter HTA, der utdanning og praksis vil verta lagt til grunn.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
Godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 09.04.2018.
 
Kontaktperson
Svein Ove Åmås, Leiar utedrift, tlf: 97578490, svein.ove.amas@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut