A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Serviceskyss

Tilbodet er tenkt til dei som ikkje har andre kollektivtilbod. Alle som skal vera med Serviceskyssruta må tinga på førehand.
Tinging må skje innan kl. 1400 dagen før.

Skyssen er organisert i faste ruter. Brukarane bestiller skyss dagen før. Brukarane vert henta heime og vert køyrt frå dør til dør.
Brukarane betalar ein eigenandel på 30 kroner kvar veg.

Serviceskyssen skal vere tilrettelagt og open for alle, og køyretya som vert nytta er difor universelt utforma.

Serviceskyss i Årdal kommune

  Dag ruta går Til sentrum Frå sentrum
Utladalen - Øvre Årdal Tysdag 10:30 13:45
Fardalen - Øvre Årdal Tysdag 10:45 14:00

Tinging:
Alle som skal vere med Serviceskyssruta må tinge på førehand.

Telefonnummer til tinging: 468 91 580
Tinginga må skje innan kl 14.00 dagen før.


Eigenandel:
Eigenandel for passasjerar er kr 30,- pr tur.

logo kringom.png

Kan og nytte skulebuss heim til busstakst. Bussen stoppar ved busshaldeplass.

Skulebuss til Utladalen kl 13.10
Skulebuss til Fardalen kl 15.35

Målgruppe
Personar som

  • har reisebehov på dagtid til bygde-/kommunesenter
  • manglar eit ordinært rutetilbod
  • har vanskar med å kome seg til haldeplass

Målsetjing
Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle og skal vere tilrettelagd for alle. Tilbodet er skreddarsydd den aktuelle målgruppa i samarbeid med kommunar og lokale organisasjonar. Serviceskyss er faste ruter som skal gå regelmessig.
• Serviceskyssen skal gje dei reisande høve til å utføre nødvendige tenester på reisemålet på dagtid (kl. 9–14) – som butikk, bank, post og helsetenester.
• Serviceskyssen skal gje dei reisande høve til å nytte sosiale tilbod på reisemålet.
• Serviceskyssen skal bidra til at innbyggjarane i fylket får høve til å bu heime lenger – med betre livskvalitet.
• Serviceskyssen skal gje eit tilbod i område der det ikkje går andre høvelege ruter.
• Serviceskyssen skal gje personar som har vanskar med å kome seg til næraste busstopp høve til å verte henta heime.