A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Serveringsløyve alkohol

Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad, må søkje kommunen om serveringsløyve. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstad der forholda ligg til rette for  at det vert ete/drukke på staden.

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan vera fordi det skjer skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Dersom serveingsstaden vert overdregen til andre, fell serveringsløyvet vekk dersom det ikkje vert søkt om nytt løyve innan 30 dagar etterat avtale om overdraging vart inngått.

Kriteriar
Dagleg leiar for serveringsstaden må greie etablerarprøven for å dokumentere naudsynte kunnskapar om økonomistyring og lovgjeving.

Løyvesøkjar, dagleg leiar og personar som har vesentleg innflyting på verksemda må ha utvist uklanderleg vandel.

Søkjaren må i tillegg ha godkjenning fra blant anna Mattilsynet og dei kommunale bygnignsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må for eksempel liggje føre godkjent bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylt.

Partnarar

  • Lensmann/politi
  • Skatte- og avgiftsmydigheitene
  • Tollmyndigheitene
  • Mattilsynet
  • Arbeidstilsynet

Praktiske opplysningar
Du kan kontakte kommunen for å få veiledning. Søknaden skal vere skriftleg.