Seksjonsleiar - Tekniske tenester

Ledig stilling

Me har ledig 100% stilling som seksjonsleiar på utedrift. Stillinga inngår i Tekniske tenester si leiargruppe.
Søknadsfrist: 10.06.2019.

Arbeidsoppgåver
Fagansvarlig for : Vegar, gatelys, ras og flaumsikring, parkar, grøntanlegg og  leikeplassar.
Drift av kommunen sine hamner og kaiar.
Stillinga har ansvar for prosjektering og gjennomføring av ulike prosjekt innafor fagområda.
Til stillinga ligg budsjett og personalansvar innafor seksjonen.
 
Kvalifikasjonskrav
Utdanning som ingeniør eller anna relevant teknisk utdanning innanfor fagområda.
 
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein person som er utadvendt, sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter avtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Me tilbyr
Spennande og variert arbeidsoppgåver innanfor eitt viktig samfunnsområde.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
 
Andre opplysningar
På sikt kan stillingen bli tillagt oppgaver i den 4 delte overordna  brannvaktordning til Årdal kommune.
Eventuelt naudsynt tilleggsutdanning vil bli dekka av Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 10.06.2019.
 
Kontaktperson
Svein Arve Grindhaug, Kommunalsjef, tlf: 91366629, svein.grindhaug@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut