A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Om Årdal/Seimsdalen

Seimsdal

Seim kjem av gamalnorsk Sæ(h) heimr (heimen ved sjøen) og dei eldste gardane er altså heim-gardar som Seim og Asperheim.

Heile strandlina er elvegrande. Ein kan samanlikna Seimsdal med ei stor takrenne (typisk U-forma dalføre) som tek imot vatnet og sender det til fjords på kort tid, utan at det vert hefta i basseng. Elva som kjem frå Gruvefjella har vore verdfull til vatning av åker og eng, men i 1906 kom storflaumen og mange måtte rømma frå heimane sine.

Nils Torsteinson Seim var den fyrste årdølen som utvandra til Amerika.

Seimsdal hadde trygg to-delt skule fram til 1963. Då var vegtunnellen til Årdalstangen ferdig og det vart skulebuss til Tangen. Seimsdalen hadde også eigen butikk til denne tid.

Seimsdal var ei tradisjonell jordbruksbygd fram til midt på 70-talet. Då kom den store bustadbygginga etter at Seimsdal og Øyane bustadfelt vart regulert. Saman med bustadfeltet Seimshagane er det bygt mange nye bustader og kommunen har ledige tomter til ein rimeleg kostnad.

 

Tips ein ven Skriv ut