A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Eldreomsorg/Sjukeheim/Seimsdal sjukeheim

Seimsdal sjukeheim

Seimsdal sjukeheim ligg i Seimsdalen, omlag 4 km frå Årdalstangen sentrum.

  • 1

Sjukeheimen har 2 avdelingar, ein aldersdemensavdeling og ein pleieavdeling med langtidsplass for til saman 16 pasientar. Kvar avdeling har eige kjøken med levering av middag frå produksjonskjøkkenet i kommunen.

Det er sansehage utanfor sjukeheimen, som pasientar og pårørande kan nytta seg av.

Målsetjinga for sjukeheimen er å gi individuelt tilpassa, heilskapleg pleie og omsorg til pasientane. Ynsket om å ta vare på pasientane sine ressursar er prioritert.

Pasientromma er einerom med eige bad. Romma er utstyrte med seng, nattbord, sofa, bord, hylle og lenestol. Pasientane har høve til å ta med møblar og utstyr for å gje rommet personleg preg. Dette viser seg å ha positiv innverknad på trivselen for den einskilde pasienten.

Det er om lag 30 tilsette ved Seimsdalen sjukeheim. Dette inkluderer avdelingssjukepleiar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar,helsefagarbeidarar og assistentar. Tilsynslegen har visitt x 1 i veka.

Sjukeheimen vert driven etter modellen for primærsjukepleie. Kvar pasient har ein primærpleiar, som er eit bindeledd mellom sjukeheimen og pårørande.

 Pasientane har høve til å ta del i sosiale aktivitetar som:

•    Andakt
•    Besøk frå besøkstenesta til Raude kors
•    Frisør som kjem på huset
•    Besøk frå barnehage, skuleklassar, lag og organisasjonar
•    Felles trim

Tips ein ven Skriv ut