A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Sanking av furukongler vinteren 2017

Skogforvaltninga i Sogn oppmodar skogeigarar med furuskog av god kvalitet som skal hogge i vinter om å ta kontakt med kommunane. Det vil vere aktuelt å plukke kongler for å få frø til nye furuplanter som er tilpassa våre område. Sidan det er eit godt kongleår og Skogfrøverket er tom for furufrø frå vår region bør dette ha høg prioritet.

Fin furu er tre som er rette, har liten avsmaling, lite grov kvist og lange lengder. Sjølvsagt vil og voksestaden ha påverknad på korleis furua vert, men ein må alltid sanke frå dei beste bestanda. Konglene vert send for test hjå Skogfrøverket på Hamar før det vert teke avgjerd om vidare sanking.

Det er nokre ekstra midlar å hente ved å sanke konglar.

Les meir på : http://www.skogfroverket.no

 

Arne Kristian Borger
Skogrådgjevar Indre Sogn
Tlf: 414 98 491
epost: arne.kristian.borger@luster.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut