A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Samarbeid med Kredinor

kredinorkommunelogo

Årdal kommune har inngått samarbeid med Kredinor som eit ledd i arbeidet med å redusere kommunen sine forfalte uteståande krav.

Innkrevjing av ubetalte forfalte krav er krevjande både med omsyn til tidsbruk og rett handsaming opp mot eit juridisk regelverk. Av denne grunn har Årdal kommune inngått medlemsskap i Kredinor, for å kunne nytte tenester innan innkrevjing av utbetalte krav og juridisk bistand kring dette. 

Endringa inneber at ubetalte forfalte krav som ikkje er betalt i høve kommunen sine gjeldande purrefristar, vert sendt til Kredinor for vidare handsaming. Skyldnar forheld seg då til Kredinor som handsamar innkrevjinga vidare.

Dette vil og gjelde for ubetalte krav pr d.d. som ikkje kjem inn under ordinær foreldelsesfrist 3 år (Lov om foreldelse §2), og foreldelsesfrist 10 år for gjeldsbrev/pengelån (Lov om foreldelse §5).

Spørsmål kan rettast til leiar Økonomi Geir Hansen, tlf 905 52 172.

 

Tips ein ven Skriv ut