A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Salsløyve alkohol

Personar eller verksemder som ønskjer å drive salg og utlevering av alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salgsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Løyvet vert ikkje gjeve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet vert gjeve for maksimum fire år om gongen.

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell vekk dersom verksemda vert overdragen til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løy vet i inntil 3 månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette. Det må søkjast om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overtaking.

Kriteriar
Løyvesøkjar og personar som har vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut styrar med avløysar. Begge må ha greidd kunnskapsprøven om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle krava som alkohollova stiller.

Partnarar

  • Vaktselskap/kontrollørar
  • Lensmann/politi (skal uttale seg om søkjaren og sentrale personar sin vandel)
  • Skatteetaten (skal kontrollere/uttale seg om at løyvehavaren overheld skatte- , avgifts- og rekneskapslovgivinga)

Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.