A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Sal- og skjenkeløyve i Årdal kommune - ny løyveperiode

Inneverande løyveperiode går ut 30.06.2020 og verksemder som har sals- og skjenkeløyve i Årdal kommune må søkje om ny løyveperiode. 

Søknad om nytt løyve/fornying av løyve må vere kommunen i hende innan 15. mars 2020.

Søknad om ny periode vil verte handsama i kommunestyret på møte 11. juni og vere gjeldande frå 1. juli 2020.

Salsløyve alkohol
Personar eller verksemder som ønskjer å drive salg og utlevering av alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salgsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Løyvet vert ikkje gjeve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet vert gjeve for maksimum fire år om gongen.

Elektronisk søknadsskjema

 

Skjenkeløyve
Personar eller verksemder som ønskjer å drive serveringsstad som sel alkoholhaldig drikke, må søkje kommunen om skjenkeløyve. Skjenkeløyvet vert gjeve for maksimum fire år om gongen.

Elektronisk søknadsskjema