A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Saker til formannskapsmøte 29. april

Formannskapet har ordinært møte tysdag 29. april kl. 12.00 i kommunestyresalen. 


Aktuelle saker som skal handsamast er:

Hagane i Ofredal - konsesjon
Firmaet Hagane AS søkjer om konsesjon på overtaking av eigedommen gbr 33 bnr 2, 3 og gbr 34 bnr 2 Ofredal i Årdal kommune. Det vert ikkje tilrådd å gje konsesjon.

Stønad til bokprosjekt - Hugin Musikkforum
Hugin Musikkforum vil utgi bok om musikalske hendingar i Årdal frå 50-talet og fram til i dag. Dei har søkt Årdal Energi, Årdalsnett og Årdal kommune om eit samla tilskot på kr 85.000,-.

Søknad om stønad til barneturnstemne 2014
Turngruppa til ÅTIL skal arrangere barneturnstemne for Sogn og Fjordane Gymnastikk og Turnkrets laurdag 26. og søndag 27. april. Dei søkjer om stønad til arrangementet.

Lett rullering av idretts- og anleggsplan
Årdalstangen IL har planar om opparbeiding av sandhandballbane i den sørlege enden av eksisterande grasbane. Tiltaket kan omfattast av tippemidlar, og alle nye tiltak må inn i eksisterande Idretts- og anleggsplan. Gjeldande plan var vedteken juni 2013, og går fram til 2016. Det er likevel høve til å oppgradere planen når nye tiltak kjem på bordet, der det er lag eller organisasjonar som står for opparbeiding og finansiering av tiltaket.

Årsrekneskap og årsrapport for 2013
Kommunestyret skal kvart år godkjenne årsrekneskapet for kommunen. Årsrapporten gjev forklaringar på avvik i høve det vedtekne budsjettet, og rådmannen tilrår at kommunestyret tek denne til orientering. Årdal kommune legg fram eit årsresultat for 2013, med eit mindreforbruk (dvs. overskot) på kr. 3.978.900,-.

Etablering av vikarstillingar spesialomsorg
Rådmann tilrår at det vert oppretta ei ny fast stilling for fagarbeidar med relevant utdanning og ei ny fast terapeutstilling med relevant høgskule utdanning.

Nytt døgnkontinuerleg tiltak i omsorgstenesta
Ikkje offentleg

Søknad om lån frå næringsfondet
Ikkje offentleg

Tips ein ven Skriv ut