A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Rusproblematikk

Målgruppe
Sosialtenesta har ansvar for personar over 18 år med rusproblem og deira familie.

Generelt om rusproblematikk
Sosialtenesta skal yta råd, rettleiing og hjelp både til deg som rusmisbrukar og familien din. I samarbeid med deg vil vi kartleggja omfanget av problemet, og kva hjelp du og dine næraste treng. 
Vi skal ta omsyn til ynskje og behov, og vurdera det opp mot lovverk og fagkompetanse.
Sosialtenesta har hovudansvaret for å setja i verk tiltak.

Samarbeidspartar
  • Rusmiddelkonsulent
  • Rusinstitusjonar
  • Psykiatritenestene
  • Lege
  • Lokalsjukehus
  • Arbeidsgjevar
  • Aetat
Saksgang ved søknad om institusjonsopphald
  • Du må gjera avtale med sakshandsamar for kartlegging av situasjonen din (Tlf nr. nedst på sida.)
  • Dersom kartlegginga konkluderar med at institusjonsopphald er det beste for deg, vil du verta henvist til rusmiddelkonsulent for vidare kartlegging
  • Dersom også rusmiddelkonsulenten konkluderar med institusjonsopphald, vert det send søknad til fylkeskommunen med framlegg til institusjon og lengd på opphaldet
Vi lovar …                            
  • å gje deg høve til ein samtale med sakshandsamar for vurdering av situasjonen din
  • at vi skal ta omsyn til dei ynskje og behov du og familien din har
  • å bruka dei ressursar vi har rådvelde over for å betra din og familien din sin situasjon
For at vi skal kunna oppfylla dette …        
  • må du vera viljug til å samtala med sakshandsamar
  • må du gje oss dei opplysingane vi treng for å kunna kartleggja situasjonen best mogleg
  • må du vera viljug til å samarbeida med oss og andre aktuelle samarbeidspartar
  • må du vera open for andre behandlingsalternativ enn dei du har tenkt på