A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016 - 2020

Alkohollova § 1-7d pålegg kommunane å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. I rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2008 – 2012 vedtok kommunestyret 19.06.2008 at planen skal rullerast og leggast fram for kommunestyret før tildeling av sals- og skjenkeløyve i kvar fireårige valperioden.

Formannskapet vedtok i Fsak 051/16 å legge planen ut på høyring med høyringsfrist 14. juni 2016.

Det vart lagt opp til ei lettare rullering av den rusmiddelpolitiske handlingsplanen for 2016 - 2020. I 2012 vart det gjennomført ei omfattande rullering då det frå 01.01.12 vart sett i verk to nye lover;  Lov om helse- og omsorgsteneste og lov om Folkehelse. Desse måtte sjåast i samanheng med at samhandlingsreforma vart sett i verk samstundes. Desse lovene er framleis gjeldande.

Etter sist rullering er «Opptrappingsplanen for rusmiddelfeltet for 2016 – 2020» sett i verk, denne påverkar målsetjingar og prioriteringar i planarbeidet. Planen er evaluert i samarbeid med eit stort tal kommunale tenesteområde. Også eksterne aktørar har vore invitert til å delta med fokus på måloppnåing, utfordringar og utviklingstrekk i arbeidet.

I drøftingane mellom aktørane står to hovudmålsetjingar ved lag:
1. Utvikle nye, førebyggjande tiltak som samsvarar med lokale behov og utviklingstrekk. Sikre målgruppene og samordninga av innsatsen innanfor noverande organisering.
2. Sikre langvarige og samansette tenester til menneske med samstundes rusmiddelmisbruk og psykisk liding (ROP – pasientar). Herunder er det grunnleggjande å sikre stabile og permanente butilhøve med heildøgns oppfølging for å lukkast og med andre tenester til brukarane.

Kommunestyret vedtok i møte 16. juni sak 042/16 Rusmiddelpolitisk handlingsplan for 2016-2020.

Tips ein ven Skriv ut