A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Politikk/Val 2019/Røysterett

Røysterett

For å kunne røyste ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, må du ha røysterett.

​Du har røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet om du oppfyller eitt av desse krava:

  • Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgangen av 2019 og er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil seie Danmark, Island, Finland eller Sverige) som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og som har vore registrert busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Du er annan utanlandsk statsborgar som har fylt 18 år innan utgangen av valåret, og har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samanhengande.

Alle som skal røyste, må vere innførte i manntalet. Manntalet er oversikten over dei som har røysterett i kommunen. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2019. Har du flytta, er det framleis adressa 30. juni som avgjer i kva kommune du har røysterett.

Tips ein ven Skriv ut