A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Renovasjon

Kommunen har eige forbrenningsanlegg for restavfall. Dette anlegget ligg i "Geithus" mellom Årdalstangen og Øvre Årdal.

Geithus bosbrenneri - spesialavfall
Geithus bosbrenneri - tlf. nr. 92029774

Årdal kommune har ein avtale med Sunde Resirk AS om at privatpersonar kan levere gratis sortert avfall til anlegget i Utladalen.

Innbyggarane kan kostnadsfritt levere brennbart restavfall til dette anlegget.

I tillegg er det kommunal innsamlingsordning for restavfall og papiravfall etter faste dagar. Restavfall vert henta ein dag i veka og papiravfall vert henta ein dag i månaden.

Renovatøren 2019 er kommunen sin bosskalendar og du får her full oversikt på når boset vert henta, kva som kan leverast og kvar du kan levere sjølv.


Handlingsplan renovasjon 2017-2020

Opningstider Geithus

Sunde resirk
 
På forbreningsanlegget ligg òg kommunen sitt mottak av farleg avfall (spesialavfall).

Kvar du skal levere avfallet ditt og korleis du sorterer fin du her.