A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Rekordhøg søknadssum om spelemidlar

Lag, organisasjonar og kommunar i Sogn og Fjordane er flinke å nytte spelemiddelordninga både for å byggje og rehabilitere anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Sogn og Fjordane søkjer i år om 218 millionar kroner i spelemidlar, 1981 kroner per innbyggjar. Det er meir enn nokon gong, og berre Nord-Trøndelag søkjer om meir per innbyggjar.

Stor vilje
Det vert særleg tydeleg når vi ser på søknadssum per innbyggjar. Sogn og Fjordane er på andreplass på landsbasis. Nord-Trøndelag søkjer i år om 14 kroner meir, og på tredjeplass kjem Møre og Romsdal, som søkjer om 1491 kroner per innbyggjar.
 
Det er ikkje noko automatikk i at den som søkjer om mest, får mest, men tala syner at det er stor vilje i Sogn og Fjordane til å byggje nye anlegg, og å halde ved like dei vi har. Særleg det siste er viktig.
 
– Vi har mange anlegg i Sogn og Fjordane, og då er det viktig å ta godt vare på dei. Difor er det svært gledeleg å sjå at mange av søknadane i år går på nettopp rehabilitering av anlegg, fortel rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.
 
Sterk tradisjon
– Vi har svært sterk tradisjon her i Sogn og Fjordane for å bruke spelemidlar som finansieringskjelde. Mange anlegg for idrett, friluftsliv og generell fysisk aktivitet er bygde ved hjelp av desse midlane. Dei siste åra har klatreparkane som har dukka opp over heile fylket, vore særleg synlege resultat av spelemidlane, seier Skrede.
 
Spelemidlane er viktige for å oppfylle visjonen i den regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv – fysisk aktivitet for alle.
 
Satsing gir resultat
145 av årets søknadar frå Sogn og Fjordane gjeld såkalla nærmiljøanlegg. Det er anlegg som legg til rette for eigenorganisert fysisk aktivitet, og skal i hovudsak liggje der folk bur og oppheld seg. Det kan vere blant anna ballbingar, klatreparkar, sandvolleybaner og akebakkar. Sogn og Fjordane er i år det fylket med flest søknadar om slike anlegg, og mange av søknadane er knytte til skuleområde og aktivitetsparkar.
 
– Det syner at satsing gir resultat. Vi besøker systematisk skular for å styrke uteområda der. Fylkeskommunen jobbar med saman med kommunane for å sjå på om korleis spelemidlane kan vere med å utvikle uteområda ved skulane, leggje til rette for meir aktivitet ved skulane og auke trivselen der, fortel Skrede.
 
Han trekkjer fram skular i Naustdal, Eikefjord, Vågsøy og på Hafslo som døme på plassar det der er store planar for uteområda, og der det er søkt om spelemidlar i år.
 
Nesten dobling på fire år
Det var kome inn 339 søknadar om spelemidlar i Sogn og Fjordane då fristen gjekk ut 15. januar i år. I fjor kom det inn 308 søkjarar, og i 2013 var talet 178.
 
Den samla søknadssummen i år er førebels på 218 604 762 kroner. Fylkeskommunen går i desse dagar gjennom søknadane, og sjekkar at dei er godkjende etter krava til Kulturdepartementet og har fått med den summen dei faktisk har rett på.
 
Tildeling i mai
Kor mykje fylket faktisk får i spelemidlar i år, vert klart før 1. mai.
 
Deretter er det opp til hovudutvalet for næring og kultur å avgjere kven som får tilskot i år og kor mykje. Møtet er i hovudutvalet er 30. mai.
 
Så mykje har fylka søkt om i spelemidlar i år
 

Fylke Samla søknadssum Kr. per innbyggjar
Akershus 506 009 623  833
Aust-Agder 129 484 057  1110
Buskerud 304 089 912  1089
Finnmark 81 023 343  1065
Hedmark 221 812 570  1132
Hordaland 448 857 623 863
Møre og Romsdal 396 802 878 1491
Nordland 269 771 200 1112
Nord-Trøndelag 273 466 495  1995
Oppland 208 204 149  1100
Oslo 144 592 472  217
Sogn og Fjordane 218 604 762  1981
Rogaland 613 598 978  1299
Sør-Trøndelag 336 399 225  1063
Telemark 128 757 890  744
Troms 236 517 916  1431
Vest-Agder 236 091 118  956
Vestfold 201 199 087  815
Østfold 138 833 751  475


Kjelde folketal: SSB pr. 30.09.2016.
Kjelde søknadssum: Idrettsanlegg.no pr. 15.01.2017.
 
Vedlegg
1. Foto av sandvolleyballbane. Foto: Atle Skrede/Sogn og Fjordane fylkeskommune
2. Søylediagram med fylkesvis oversikt over søknadssum pr. innbyggjar.

Sandvolleybane mm. Foto Atle Skrede.jpg Fylkesoversikt spelemidlar - søknadssum pr. innbyggjar.jpg

 

Tips ein ven Skriv ut