A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Rekneskapskontrollør - 100% fast

Ledig stilling

Ledig 100% fast stilling som rekneskapskontrollør frå snarast.
Søknadsfrist: 11. september 2017

Me har ledig 100% fast stilling som rekneskapskontrollør frå snarast .
Skatteoppkrevjaren i kvar kommune har ansvar for å kontrollere at arbeidsgjevarane utfører lovpålagde oppgåver i 
samsvar med lover og regelverk.
Det er eit samarbeid om felles arbeidsgjevarkontroll mellom ni kommunar i Indre Sogn (Aurland, Balestrand, 
Høyanger, Leikanger, Luster, Sogndal, Lærdal, Vik og Årdal)
Det er Årdal kommune som administrerer ordninga, og kontorstaden er i Årdal.
Ordninga består av to 100% stillingar, og den som vert tilsett må kunne arbeide i team.
Stillinga inneber litt reising, og den som blir tilbydt jobben må disponere eigen bil ( blir godtgjort
 
Arbeidsoppgåver
- Bokettersyn og kontroll av skattetrekk og arbeidsgjevaravgift hjå firma i dei samarbeidande kommunane.
- Utarbeiding av rapportar
 
Kvalifikasjonskrav
- Økonomisk utdanning
- God rekneskapsforståing
- Relevant erfaring innan rekneskaps- og lønsarbeid kan kompensere for utdanning
- God skriftleg framstillingsevne
 
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og fleksibel
- Systematisk og strukturert
- Evne til å arbeida målretta og sjølvstendig, men og i team
 
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Må ha førarkort for bil.
 
Me tilbyr
- Ein spennande jobb med utfordrande og varierte oppgåver.
- Fleksibel arbeidstidsordning.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 11.09.2017
 
Kontaktperson
Geir Hansen, Leiar økonomistab, mobil: 90552172, geir.hansen@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut